Ein kamp mot vindmøller

Totland vil skildra korleis ein aukande motstandskamp påverkar aktørane i bransjen, og ikkje minst politikarane.

arrow_back Produksjoner

I løpet av kort tid har vinden snudd i Noreg. Frå politisk støtte og relativt lite konflikt rundt utbygginga av nye vindkraft-anlegg, ulmar det no i folket langs heile kysten. Aksjonsgrupper stoppar arbeidet med vegbygging, folk lenkar seg fast og set opp telt der anleggsmaskinane skal køyra, og det er tilsynelatande ingen grenser for kva enkelte vil gjera for å stoppa det dei omtalar som ei rasering av landet.

Gjennom 2019 og 2020 har motstanden tatt nye former, blitt meir organisert, og har i langt større grad enn tidlegare blitt høyrt nasjonalt. Rikspolitikarar som tidlegare snakka stolt om korleis dei jobba for fleire vindmøller, lar no vera å snakka om vindkraft. Lokalpolitikarar som tidlegare har stemt for å opna for utbygging i eigen kommune, trugar no med å lenka seg sjølv fast for å stoppa den same utbygginga.

Då høyringsfristen for Nasjonal ramme for vindkraft gjekk ut hausten 2019, hadde NVE fått inn meir enn 5000 høyringsuttalar, frå alt frå kommunar og interesseorganisasjonar til privatpersonar over heile landet. Bodskapen er den same frå dei aller, aller fleste: Ingen ønskjer fleire vindmøller i Noreg.

Samstundes held arbeidet med å realisera dei allereie vedtekne vindkraft-anlegga fram, og stadig nye konsesjonar blir vurderte. Slik det ser ut, kan talet på vindkraftverk bli dobla dei neste tre åra. Men ikkje utan store protestar. Og det er desse protestane – den massive motstanden – Totland prøver å forstå med dette prosjektet.


Nyttig informasjon

keyboard_arrow_down

Varighet

45 minutter

Behov for bærehjelp eller annen lokal hjelp

Sted

Se kalender

Maks publikumsantall

300

Oppriggingstid

5 minutter

Nedriggingstid

0 minutter

Arena/rom

Auditorium, Aula eller lignende

Antall utøvere

1

Trenger scene

Nei

Trenger blending

Nei

Trenger el-uttak

Nei

Ønsker til lokal arena

Utøvar treng ein skjerm til å visa bilete og ein projektor. Mikrofon og høgtalar dersom det er behov for det.

Med dokumentarboka "Vindmøllekampen. Historia om eit folkeopprør" og formidlingsopplegget «Ein kamp mot vindmøller» ønskjer Totland å skildra framveksten av denne motstanden, og ikkje minst kva som får folk til å ofra både tid, venner og pengar (det vankar store bøter) for å stoppa noko dei veit at uansett kjem til å bli realisert, slik mange av aksjonistane gjer. Kven er det som står på barrikadane, og kva er det som driv dei? Totland vil skildra korleis ein aukande motstandskamp påverkar aktørane i bransjen, og ikkje minst politikarane.

Gjennom arbeidet med boka har forfattaren møtt og snakka med hundrevis av motstandarar, for å finna ut kva som driv dei. Denne motstanden, og korleis det kunne bli slik, er utgangspunktet for dette formidlingsopplegget som både handlar om natur, miljø og menneska sin måte å forvalta kloden.

"Ein kamp mot vindmøller" blir gjennomført som eit foredrag kombinert med interaksjon med klassane, alt etter kor store grupper det er, og kor praktisk dette let seg gjere. DKS ber om at skulane legg til rette for dialog mellom elevar og utøvar, gjerne ved å førebu elevane på dette - i tillegg til teknisk utstyr som mikrofon etc. der det er behov for det.

Utøvere og produsenter

keyboard_arrow_down

Arrangert av

Vestland fylkeskommune

Produsert av

Utøvere

Anders Totland

Andre medvirkende

Gruppenavn

Anders Totland.

Idé/opplegg

Anders Totland.

Om kunstner / utøver / gruppe

Anders Totland er utdanna kokk og samfunnsvitar, og debuterte hausten 2015 som forfattar med barneboka "Vampyrane i eplehagen". Dei siste åra har han gjeve ut ei rekke bøker i ulike sjangrar, og våren 2020 kom den tiande boka, Lepra, ei sakprosabok for barn og unge om spedalske i Noreg. I februar 2021 kom den første sakprosaboka for vaksne, Vindmøllekampen - historia om eit folkeopprør, ut. Boka Pest og plage kom ut hausten 2021, og no har han skrive ei kokebok, ein dokumentar, ein roman for vaksne, to biletbøker, fire sakprosabøker for ungdom og fire ungdomsromanar sidan 2015.

Kontakt

keyboard_arrow_down

Kontaktperson i Den kulturelle skolesekken

Ansvarlig planlegger/turnéansvarlig

Guro Høyvik, tlf: +47 415 30 608, e-post: guro.hoyvik@vlfk.no

Øyvind Høstaker, tlf: +47 952 22 168, e-post: oyvind.sunde.hostaker@vlfk.no

Produsent/fagansvarlig

Guro Høyvik, tlf: +47 415 30 608, e-post: guro.hoyvik@vlfk.no

Kontaktperson utøver

Anders Totland, tlf: +47 462 96 458, e-post: totlanders@gmail.com