Forfattar Reidar Kjelsen på besøk på Naustdal barne- og ungdomsskule med "Æsj". Foto: Solfrid Bygstad/Vestland fylkekommune.
Forfattar Reidar Kjelsen på besøk på Naustdal barne- og ungdomsskule med "Æsj". Foto: Solfrid Bygstad/Vestland fylkekommune.

Vedtak av DKS-programmet 2022/23

Vestland fylkeskommune har avgjort kva produksjonar vi ønskjer å tilby i programmet for Den kulturelle skulesekken (DKS) neste skuleår. Elevar i grunnskule og vidaregåande skule over heile fylket får eit variert tilbod når vi byr på opplevingar innan film, litteratur, musikk, scenekunst, visuell kunst og kulturarv.

For skuleåret 2022/23 fekk Vestland fylkeskommune 1090 forslag til produksjonar til DKS-programmet. Programmet vart vedteke 19.05.2022 og omfattar 76 produksjonar. Alle produksjonar som var melde inn til programmet er vurderte av faggrupper med eksterne og interne fagpersonar. 562 produksjonar vart tilrådde av faggruppene. Eit ungdomsprogramråd har valt tre av produksjonane til programmet, éin til ungdomssteget og to til vidaregåande skule. Programmet er vedteke administrativt av fylkesdirektør for avdeling for kultur, idrett og inkludering.

For deg som er utøvar

Alle framleggsstillarar/utøvarar vil få melding om at dei kan logge seg inn i DKS-portalen og sjå status for sin produksjon.

Logg inn i DKS-portalen og sjå status på din/dykkar produksjon.

1. Gå inn på “Dine framlegg”.

2. Klikk deg inn på det aktuelle framlegget.

3. Sjå endeleg status.

Om programmet

Gjennom Den kulturelle skulesekken skal Vestland fylkeskommune gje elevar i grunnskulen og den vidaregåande skulen eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod i skuletida.

Målsettinga er at elevane gjennom skulegangen får oppleve breidda av uttrykk i DKS. Grunnskulane vert derfor tildelt produksjonar innan alle uttrykka, fordelte på forskjellige klassesteg.

Programmet til vidaregåande skule inneheld både tildelte og valfrie produksjonar. Alle skulane vert tildelt ein større konsert eller scenekunstframsyning og kan i tillegg velje frå eit breitt og godt utval av produksjonar innan alle dei seks utrykka i DKS.

Koordinator for Den kulturelle skulesekken Vestland, Charlotte Espeland, gler seg til å ta fatt på eit skuleår der elevar og utøvarar kan møtast som før:

Under pandemien fekk vi tilbakemeldingar frå skulane om at DKS var eit viktig avbrekk i ei krevjande tid. Etter eit par år prega av pandemi ser vi derfor fram til å legge bak oss trafikklysmodell og kohortar, og fritt sende utøvarar på turné i fylket vårt for å inspirere, glede og utfordre elevane. DKS-programmet for skuleåret 2022/23 byr på alt frå eit multimedialt stand-up show om livsmeistring til slampoesi, joik og samisk kultur, klassisk musikk kombinert med beatboxing og hip hop, og kunstnarmøte og verkstad i scenografi og kostymedesign. Vi takkar utøvarane for gode innspel, og ønsker dei god reise rundt i Vestland fylke!

Saksframlegg

Du kan lese heile saksframlegget her:

Vedlegg:

Om DKS og arbeidet med programmet

Du kan lese meir om DKS og om korleis vi jobbar fram DKS- programmet og kva kriterium vi arbeider etter på Vestland fylkeskommune sine nettsider.

For meir informasjon

Charlotte Espeland
Koordinator, Den kulturelle skulesekken Vestland
Charlotte.Espeland@vlfk.no
489 95 606