Juryklasse til Uprisen

Vi søkjer lærarar og elevar som ønskjer å seie si meining om ungdomslitteratur. Elleve utvalde 9. klassar utgjer den nasjonale juryen som kårar Uprisen. Neste år kan klassen din få det ærefulle oppdraget i fylket ditt.

Kva er Uprisen?

Saman med Brageprisen og Kulturdepartementet sine barnebokprisar er Uprisen noko av det gjævaste ein forfattar kan få. I Uprisen – årets ungdomsbok avgjer ungdommane kven som vinn.

Prisarbeidet går gjennom heile skuleåret og er delt i fire. Først ut er dei 33 kritikarklassane, som hausten 2022 melder alle årets ungdomsbøker. Til nettstaden for Uprisen vil dei og andre interesserte elevar legge ut bokmeldingar. På bakgrunn av bokmeldingane vil ein ungdomsjury i januar 2023 nominere fem bøker. Ei av desse bøkene vil vinne tittelen Årets ungdomsbok. Juryklassane avgjer kven det blir.

Juryklassane les og vurderer bøker frå februar til mai 2023, og kvar klasse diskuterer seg fram til ein favoritt.
Alle juryklassar vel to representantar som dei sender til det fjerde leddet i prisen: Storjuryen. Storjuryen møter kvarandre på Norsk Litteraturfestival i Lillehammer siste veka i mai og kjem fram til ein felles vinnar. Prisen blir delt ut dagen etter. Ein lærar er med elevane til Lillehammer.

Juryklassen får:

  • Ei sentral rolle i kåringa av Norges viktigaste litteraturpris
  • Gratis eksemplar av kvar av dei fem nominerte bøkene. Det totale talet på bøker utgjer minimum ei bok per elev.
  • Besøk av ein profesjonell kritikar tre gonger i løpet av leseperioden.
  • Mogleg medieomtale i riksdekkande media og lokalpresse.
  • Dagsseminar for lærar i Oslo januar 2023. Reise på rimeleg måte blir dekt av fylkeskommunen.
  • To elevar og lærar får reise til Lillehammer, og dei får dekt kostandane til reisa av Foreningen !les, og festivalen syter for opphaldet.
  • Inntil 30 elevar får tilbod om å dra på utdelinga av Uprisen på Norsk Litteraturfestival på Lillehammer i slutten av mai. Arrangement, mat og overnatting blir dekte for desse elevane. Reise må ein finansiere sjølv.

Skulen og klassen forpliktar seg til:

  • Å bruke mykje tid i leseperioden
  • At læraren deltek på eit obligatorisk dagsseminar i Oslo i januar 2023.
  • Å sende to elevar til Lillehammer på storjurymøtet. Ein lærar må følgje elevane. Utgiftene er dekte.

Kvifor søkje:

  • Uprisen gir ungdom påverknad. Deira meining er viktig for forfattarar, forlag og nye bokprosjekt.
  • Elevane les heile bøker. At meiningane deira tel, motiverer til både djupdelesing og mengdelesing.
  • Uprisen gir munnlege ferdigheiter. Elevane får trening i å seie meiningane sine og lytte til andre.
  • Uprisen går over heile vårsemesteret. Det er intenst, men samstundes eit leseprosjekt med kontinuitet. 
  • Opplegget i seg sjølv er enkelt, men har rammer som gir leselyst.
  • Uprisen gir leseglede.

Søknaden må innehalde:

  • Klassetrinn og skule
  • Elevtal
  • Kvifor de ønskjer å være juryklasse
  • Korleis de arbeider med litteratur

Send søknad til:

Kari Vik, kari.vik@vlfk.no

Søknadsfrist: 09.05.22 

Uprisen ­– årets ungdomsbok er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Norsk Litteraturfestival og alle fylkeskommunane. De kan få vite meir på uprisen.no, eller ved å sjå denne filmen.