Raude ballongar med påtrykk av logo til "Uprisen Årets ungdomsbok. 15 år"

Kritikarklassar til Uprisen

Vil ungdomsskuleklassen din melde årets norske ungdomsbøker?

Vi søkjer lærarar og elevar som ønskjer å seie meiningane sine om ungdomslitteratur. Saman med 32 andre klassar kan klassen din vurdere årets ungdomsbøker på uprisen.no. Bokmeldingane påverkar kva fem bøker som går vidare i kampen om å bli Årets ungdomsbok.

Kva er Uprisen?

Saman med Brageprisen og Kulturdepartementets barnebokprisar er Uprisen noko av det gjævaste ein forfattar kan få. I Uprisen – årets ungdomsbok avgjer ungdommane kven som vinn.

Prisarbeidet går gjennom heile skuleåret og er delt i fire.
Først ut er dei 33 kritikarklassane, som hausten 2022 melder årets ungdomsbøker.
Til nettstaden for Uprisen vil dei og andre interesserte elevar legge ut bokmeldingar. På bakgrunn av bokmeldingane vil ein ungdomsjury i januar 2023 nominere fem bøker. Ei av desse bøkene vil vinne tittelen Årets ungdomsbok.

På våren overtek juryklassane, som les og vurderer frå februar til mai, og kvar klasse diskuterer seg fram til ein favoritt. Alle juryklassar vel to representantar som dei sender til det fjerde leddet i prisen: Storjuryen. Storjuryen møtast på Norsk Litteraturfestival i Lillehammer siste veka i mai og kjem fram til ein felles vinnar. Prisen blir delt ut dagen etter.

Kritikarklassane får:

  • Ei sentral rolle i kåringa av Norges viktigaste litteraturpris
  • Minst 15 ferske ungdomsbøker til odel og eige
  • Tilbod om to timar skrivekurs, digitalt eller fysisk

Skulen forpliktar seg til å:

  • Gi læraren ein dag til oppstartseminar og førebuing. Utgifter er dekte.
  • Publisere minst ei melding per bok

Kvifor søke:

  • Uprisen gir ungdom påverknad. Meiningane deira er viktige for forfattarar, forlag og nye bokprosjekt.
  • Elevane les heile bøker. At meiningane deira tel, motiverer til både djupdelesing og mengdelesing.
  • Uprisen gir skrivetrening. Bokmeldingane som blir publiserte på uprisen.no har offentleg verdi. 
  • Uprisen går over heile haustsemesteret. Det er intenst, men samstundes eit leseprosjekt med kontinuitet. 
  • Opplegget i seg sjølv er enkelt, men har rammer som gir leselyst.
  • Uprisen gir leseglede.

Alle klassar på ungdomstrinnet kan søkje. Skular kan søkje med fleire klassar.

Søknaden må innehalde:

  • Klassetrinn og skule
  • Elevtal
  • Kvifor de ønskjer å vere kritikarklasse
  • Korleis de arbeider med litteratur

Send søknad til:

Kari Vik, kari.vik@vlfk.no

Søknadsfrist: 09.05.22  Uprisen ­– årets ungdomsbok er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Norsk Litteraturfestival og alle fylkeskommunar. De kan få vite meir på uprisen.no, eller ved å sjå denne filmen.