Vil du turnere i DKS?
Publisert 09.08.2021
Vil du turnere i DKS?
Utøvarar, produsentar og formidlarar av kunst og kultur kan melde inn forslag til Den kulturelle skolesekken Vestland. Dei sender du inn i DKS- portalen.
Portalen opna 15. august for innsending av forslag til skuleåret 2022/23. Frist for å sende inn framlegg er 1. oktober klokka 23.59.
Faggrupper og eit ungdomsprogramråd handsamar forslaga og DKS-administrasjonen fastset DKS-programmet for skuleåret 2022/23 utifrå dette.
Forslag sender du inn her:
- Du kan lese meir om korleis du melder inn forslag på Kulturtanken sine nettsider.
- Du kan lese om korleis vi jobbar fram DKS- programmet og kva kriterium vi arbeider etter på Vestland fylkeskommune sine nettsider.
For meir informasjon
Charlotte Espeland
Koordinator, Den kulturelle skulesekken Vestland
Charlotte.Espeland@vlfk.no
489 95 606