Illustrasjon frå "Pi og Peder, et tegneserieeventyr". Foto Bjørn Ousland
Illustrasjon frå "Pi og Peder, et tegneserieeventyr". Foto Bjørn Ousland

Program for grunnskulen 21/22

Program for grunnskulen 21/22

Vi har pakka Den kulturelle skulesekken i Vestland med produksjonar vi trur vil gje elevane spanande, interessante, utfordrande, vakre og morosame møter med kunst og kultur – i alle sjangrar.

I dag har grunnskulane har fått tilsendt programmet vårt for kommande skuleår. Oversikta vi har sendt ut inneheld ein kort omtale av produksjonane som er planlagde for dei ulike kommunane.

Meir informasjon på nettsida

Informasjon og turnéplanar for dei ulike tilboda vert publisert på nettsida vår etter kvart som dei er klare: denkulturelleskulesekken.no/vestland.

Alle får tilbod

Alle skulane får tilbod, men ikkje alle skulane i kommunen får same produksjon.

Alle elevar på 9. trinn i Sogn og Fjordane får tilbod om «Tidskapselen». Her vil 8. og 10. trinn få tilbod om film, og der det er rom for det kan 9. trinn delta.

Vi tek atterhald om at det kan verte endringar i programmet.

Kontaktinformasjon

Charlotte Espeland
koordinator for DKS i Vestland fylkeskommune
tlf.: 48 99 56 06
Charlotte.Espeland@vlfk.no