"Tidskapselen" i Kvernsteinparken. Foto: Lars Opstad, Kulturtanken.
"Tidskapselen" i Kvernsteinparken. Foto: Lars Opstad, Kulturtanken.

Vedtak av DKS-programmet 2021/22

Vedtak av DKS- programmet 2021/22.

Vestland fylkeskommune har no valt ut dei produksjonane vi vil pakke skulesekken med i kommande skuleår! Vi tilbyr elevane produksjonar vi trur vil gje spanande, interessante, vakre, morosame og kanskje også utfordrande møter med kunst og kultur – i alle sjangrar.

Vestland fylkeskommune fekk 1224 forslag til produksjonar til DKS-programmet for skuleåret 2021/22. Programmet vart vedtatt 30. mars 2021 og omfattar 83 produksjonar, inkludert 6 produksjonar som var overført frå skuleåret 2020/21. Alle produksjonar som var meldt inn til programmet er vurdert av faggrupper med eksterne og interne fagpersonar. Eit ungdomsprogramråd har valt tre av produksjonane til programmet.

Programmet er vedteke administrativt av fylkesdirektør for avdeling for kultur, idrett og inkludering.

For deg som er utøvar

Alle utøvarar har fått melding om at dei kan logge seg inn og sjå status for sin produksjon, og no startar den store jobben med å legge programmet – kva for skular som får besøk av kven. Vi planlegg besøk for skular frå Stadlandet i nord til Sveio i sør, for elevar frå 1. klasse på barneskulen til 3. klasse på vidaregåande skule.

Kva betyr statusen på framlegget på “Min side” i DKS- portalen?

  • Ikkje valt: etter ei samla vurdering er din/dykkar produksjon ikkje valt inn i programmet for skuleåret 2021/22. (Produksjonar i gruppe 2 og 3. Sjå avsnitt med saksframlegg lenger nede i saka).

  • Aktuell: framlegget er aktuelt for fylkeskommunen. Denne statusen vil seie at din/dykkar produksjon er valt inn i programmet for skuleåret 2021/22. (Produksjonar i gruppe 1. Sjå avsnitt med saksframlegg lenger nede i saka).

Logg inn i DKS-portalen og sjå status på din/dykkar produksjon.
1. Gå inn på “Dine framlegg”.
2. Klikk deg inn på det aktuelle framlegget.
3. Sjå endeleg status.


Informasjon i brev frå DKS

Det har vist seg at status utøvar ser på «Min side» i DKS- portalen ikkje samsvarer med dei tre variantane av status som vi lista opp i brevet som vart sendt ut til alle utøvarar. Dette var sjølvsagt noko forvirrande, og vi håpar at avsnitta ovanfor har retta opp i dette.


Takkar for alle innsende forslag

Koordinator for Den kulturelle skulesekken Vestland, Charlotte Espeland, takkar for alle innsende framlegg.

– Det var ikkje ein enkel prosess å velje ut dei produksjonane som vert med i programmet for 2021/22. Vi hadde svært mange gode produksjonar å velje mellom, og set stor pris på at så mange har vist interesse for å turnere for DKS Vestland.


Samansett tilbod til elevane

Dei yngste elevane får oppleve mellom anna musikk frå heile verda, spennande bøker og forfattarbesøk, og morosam og kul scenekunst. For mellomtrinnet står visuell kunst, scenekunst, musikk og kulturarv på programmet.

Ungdomsskuleelevane får ta del i filmopplevingar, der dei både skal lage eigne filmar og sjå filmar om mellom anna andre unge sine opplevingar. Dei får også besøk av forfattarar med spanande bøker og oppleve kulturarv på museum.

Elevane på vidaregåande får scenekunst, musikk, film, litteratur, kulturarv og visuell kunst. Det vert store konsertar, der elevane endeleg kan samlast i større grupper, små workshops der ein kan fordjupe seg i visuell kunst, det vert også dans, film og teaterframsyningar.

DKS- koordinator Charlotte Espeland, er stolt over å presentere tilbodet til elevane kommande skuleår.

– Det var eit overveldande tal gode produksjonane som var melde inn til Vestland fylkeskommune sitt DKS-program for komande skuleår. Vestland er eit stort fylke med både små og store kommunar, og hos oss ligg også ein av dei viktigaste kulturbyane i Noreg. Det er gledeleg å sjå at det er mange lokale utøvarar og institusjonar som ønsker å formidle kunst og kultur for elevane i fylket vårt. Grundige prosessar ligg til grunn for det programmet som no er vedtatt. Alle produksjonar er vurdert av eksterne og interne fagpersonar, og eit sett kriterium er med på å sikre eit godt og balansert tilbod der ein finn plass både til utøvarar som formidlar åleine, større institusjonar og mindre grupper.

Den kulturelle skulesekken er den største arenaen for formidling av kunst og kultur til born og unge. For mange elevar er dette deira første møte med kunst og kultur, og for nokre er det kanskje berre gjennom DKS at ein får desse møta. Det ligg derfor eit stort ansvar på oss som jobbar med Den kulturelle skulesekken, og dette ansvaret tar vi på alvor. På grunn av pandemien har vi no levd i ei vanskeleg tid i over eit år. Dette har ikkje minst fått innverknad på kvardagen til dei yngste av oss. Tilbakemeldinga frå fleire skular er at nettopp dei kulturelle møta elevane får gjennom DKS er viktige avbrekk i denne kvardagen. Vi som jobbar med DKS i Vestland fylkeskommune har blikket framover, og programmet for skuleåret 2021/22 er derfor planlagt med håp om ein normal og smittefri kvardag utan avgrensingar og tiltak. Eg er stolt over det programmet vi no kan presentere.


Saksframlegg

Du kan lese heile saksframlegget her:


Vedlegg:


Du kan lese om korleis vi jobbar fram DKS- programmet og kva kriterium vi arbeider etter på Vestland fylkeskommune sine nettsider.


For meir informasjon

Charlotte Espeland
Koordinator, Den kulturelle skulesekken Vestland
Charlotte.Espeland@vlfk.no
489 95 606