To menn spiller på tromme og gitar i en barnehage.
Knut Lothe og Henning Waaler Kemp har lang erfaring med å spille for barnehagebarn, og håper stadig flere får bli med på ordningen. Foto: Kristin Berge

Håpar alle barnehagar får skulesekk-tilbod

– Det er alltid høg kvalitet på produksjonane. Eg håpar tilbodet blir utvida her i Vestfold, slik at alle får kulturbesøk.
PLOPP I BARNEHAGEN: Knut Lothe (t.v.) og Henning Waaler Kemp har turnert i Vestfold og Telemark dei siste vekene. Foto: Kristin Berge

Det seier Ellinor Rose Berg i Hof barnehage i Holmestrand, som er klar for å få framsyninga Plopp på besøk. I to år har barnehagane i Vestfold også fått kulturtilbodet Den kulturelle skolesekken frå fylkeskommunen. Det har barnehagar i Telemark gjort i mange år.

– Det er ikkje alle ungar som har foreldre som tar dei med på kulturopplevingar, desse tilboda sikrar at det blir meir likt for alle. Så langt har eg berre opplevd at produksjonane har høg kvalitet, og det blir alltid god stemning, seier Berg.

– Profesjonelle kulturtilbod er eit tilskot til det vi sjølve held på med av kulturelle aktivitetar, seier Berg som sjølv er musikkpedagog.

Best i klassa

Ein vakker vårdag kom Den kulturelle skolesekken-tilbodet til Skien, og Granåsen barnehage fekk besøk av duoen Plopp med Henning Waaler Kemp og Knut Lothe. Dei har turnert i fleire år, og skryter av Telemark.

– Telemark er best i klassa når det kjem til barnehagetilbod, det skal dei har skryt for, seier Waaler Kemp. Han håpar Vestfold også held fram med tilbodet.

Barnevenlege tema

Henning tar fram rockegitaren, og rockar stilig framføre ungane. Knut har lånt både trommer og trommestikker i barnehagen – eller det vil seie, han har lånt to liksom-is og brukar dei som trommestikker.

– Knut er glad i dyr, er det nokon som veit om eit rart dyr? – Nasehorn, sjiraff, løve! Det er mange ungar som veit om mange rare dyr, og det blir mange vers i songen om dei rare dyra. Stemninga er høg i Granåsen barnehage, og artistane har vald tema som fengar.

Fint at kulturen kjem til oss

– Vi har takka ja til tilbod frå Den kulturelle skolesekken i mange år. Vi melder oss på så fort vi får tilbodet – to i året. Det er ikkje alltid lett å dra ut av barnehagen, så det er fint at kulturen kjem til oss, seier Anne Gro Gallefoss, styrar i Granåsen barnehage.

– Ungane synest det er kjempestas! Vi har ingen som spelar instrument blant dei vaksne hos oss, så det er fint med variasjon frå sangstund. Det er også bra at dei ser at det å vere musikar er ein jobb, meiner ho.

Granåsen barnehage har barn med ulik kulturell bakgrunn, og ikkje alle foreldre har eit naturleg forhold til det å sende ungane på kulturskulen eller liknande tilbod. Styraren i Granåsen meiner at Den kulturelle skolesekken derfor er ekstra viktig.

Ønskjer fast tilbod

Slik det er nå, er det første mann til mølla-prinsippet som gjeld.
– Eg er alltid rask med å svare, og har så langt fått alle tilboda til Hof. Eg skulle ynskje at tilbodet blei utvida, slik at alle ungane fekk besøk, seier Berg.

– I øvre Telemark har vi praktisert turneliste, for der er det mindre tilgang til kulturtilbod enn det er i Skien. Vi har ikkje økonomi til å gi alle barnehagane alle framsyningane, seier Rønnaug Flatin i Den kulturelle skolesekken i Vestfold og Telemark fylkeskommune.