SouSou og Maher - les elevenes tilbakemelding

En annerledes tilbakemelding på en skolekonsert

I mars fikk Den kulturelle skolesekken i Vestfold og Telemark en litt annerledes tilbakemelding fra en skole på en konsert. SouSou og Maher er en av Sveriges mest ettertraktede duoer. De har turnert over hele verden og det har blitt laget en dokumentarfilm om det musikalske paret. Det har vært en sann glede å ha dem på turné her i fylket vårt, og det virker det som om elevene mener også. Her kan dere lese tilbakemeldingen vi fikk fra elevene på 9.trinn ved Høydalsmo skole.
Takk til elevene for at vi får dele deres tanker rundt denne konserten!

Om Sousou og Maher av 9.trinn ved Høydalsmo skole

Sousou og Maher framførte ein fleirspråkleg og rytmisk konsert på Tokke kulturhus på Dalen. Framom eit fargerikt bakteppe stod det vakre kjærasteparet. Kleda til Maher såg skikkeleg digg ut, nesten som ein pysj eller kosedress, men me trur det er eit kulturantrekk. Sousou hadde på seg ei lang drakt. Begge virka muntre, glade og søte.

Me lærte om instrumentet kora. Den var nesten som ein gitar eller harpe, og hadde om lag 21 strenger. Instrumentkroppen var laga av eit graskar med kuskinn og bling på. Ein spela på den med peikefingrane og tomlane. Lyden var både varm og beroligande.

!

På veg heim i bussen var det fleire som nynna og song – «Senegal, Senegal»

9.trinn, Høydalsmo skole.

Publikum fekk også lære litt afrikanske uttrykk, som då me song /nna mossa barraka/, som betyr «min mor, kvinne, takk». Dette var ein song til minne om ei kvinne som torde å protestere mot dei urettferdige franske avgiftene under andre verdskrig. Me song også med på /nang jamate/ som betydde «langt borte». Me fekk koma med forslag til land me kunne synge om, og etter forslag frå Dovydas song alle «Litauen, Litauen».

Artistane hadde fleire bodskap dei ville få ut til publikum. Eit av dei var at du må gå dine eigne vegar. Dessutan har me mykje å lære av afrikansk kultur – å vera gode og gjestfrie. Familien til Maher flytta faktisk ut av huset sitt for å gjere plass til gjestene då Sousou og fleire andre kom til Senegal for å lære kora.

På veg heim i bussen var det fleire som nynna og song – «Senegal, Senegal»!

Forfattere: 9.trinn Høydalsmo skule.