Forfattar Pia Strømstad fortel utvalgte historier frå boka 10 ville ekspedisjoner i tett dialog med elevane, og samtalar med dei om mot og frykt.
45 minutter, - Systemfeil: Varighet ble korrigert.
Nei
Se kalender
30
5 minutter
5 minutter
Klasserom eller lignende
Nei
Nei
Ja
Ønsker nærhet til elevene.
FORFATTAREN:
Pia Strømstad er journalist og har skrive fleire faktabøker for barn, mellom anna om spøkelse, julenissen, olje, bæsj og 17. mai. For boka Olje blei ho nominert til Kulturdepartementets prisar for barne- og ungdomsbøker 2011, i kategorien for beste fagbok.
BOKA:
Neil Armstrong var førstemann på månen. Ellen MacArthur segla jorda rundt heilt åleine gjennom storm og bølgjer. Og ingen har vore så djupt nede på havbotnen som James Cameron.
Kva er det som får folk til å reise til stader der ingen før har vore? Til å klatre høgast, dykke djupast, leggje i veg inn i område som er kalde, våte, farlege, utan å vere sikre på om dei nokon gong vil klare å vende attende?
I denne boka blir vi kjende med utforskarar frå dei siste hundre åra, folk som har vore villige til å måle krefter med naturen og det ukjende. Oftast høyrer vi om dei vellykka ekspedisjonane, om dei som lykkast i å komme heilt fram eller setje rekorden dei håpte på. Men mange når ikkje målet. Fridtjof Nansen nådde ikkje fram til Nordpolen slik han hadde planlagt. Andre kjem aldri tilbake.
10 ville ekspedisjonar fortel kunnskapsrikt og underhaldande om ein grunnleggjande menneskeleg lengsel etter å flytte grenser og finne svar. Dette er historier som kan utfordre unge lesarar, og som dei også kan kjenne seg igjen i.
BESØKET:
Pia Strømstad les ikkje høgt, men fortel historier frå boka i tett dialog med elevane. I tillegg viser ho bilete på Power Point. Alle historiene er spennande i seg sjølv, og skulane kan sjølv velgje kva historie dei vil ha fokus på. Dette kombinerer ho med å snakke med elevane om redsel og mot. Kva er vi redde for? Kvifor er vi redde? Kva gjer vi med frykta? Og hva gjer den med oss?
Om skulane ynskjer det kan dei få tilgang til stoffet på førehand. Opplegget passer fint til fagplanane både i samfunnsfag, historie, naturfag og norsk. I tillegg er det ein fin mulighet til at elevane kan jobbe med teikning, form og farge på førehand.
For at besøket skal fungere som lesestimulering bør boka vere tilgjengelig i etterkant. Undersøk gjerne om Viken fylkesbibliotek har klassesett å låne bort: annelau@viken.no
Viken fylkeskommune
Pia Strømstad
Thomas Andre Fritsø, tlf: +47 975 28 544, e-post: thomasfr@viken.no
Pia Strømstad, tlf: +47 450 43 237, e-post: pia.stromstad@gmail.com