Visuell historiefortelling
Elevane får besøke av illustratør og forfattar Trude Tjensvold, som les høgt frå og fortel om biletboka Bo flyttar ut. Etterpå får elevane teikne sjølv.
1 timer (60 min+)
Nei
Se kalender
30
15 minutter
5 minutter
Klasserom eller lignende
1
Nei
Ja
Ja
Teiknesaker til elevane, papir (vanleg kopipapir er OK)
BOKA:
Katten Bo hadde det som plomma i egget før hunden flytta inn og tok plassen hans i senga til matmor. Då er det berre ein ting å gjere, nemleg å sjå om det finst husrom ein annan plass.
Denne biletboka er ei vittig, fargesterk og treffande bok om det å føle seg oversett. Gjennom å møte farane ute i verda blir Bo klar over kor fint han eigentleg har det heime saman med hunden og matmor.
FORFATTAR OG ILLUSTRATØR:
Trude Tjensvold har vore illustratør og biletkunstnar sidan 1992. Ho er i dag tilknytta kunstnarfellesskapet Illustratørene i Oslo. Ho har brei erfaring innan illustrasjon, hatt fleire seperatutstillingar. og har undervisningserfaring blant anna frå Designinstituttet. Som forfattar debuterte ho på Samlaget i 2016 med Bo flyttar ut. Andreboka hennar, Vil du ha katt?, kom ut våren 2019. Det var ei lettlestbok i Leseland-serien.
BESØKET:
Gjennom dette besøket får elevane både ei litterær og visuell oppleving. Samstundes får dei ei kreativ oppgåve der dei skal uttrykke seg visuelt. Besøket er delt i to bolkar.
I den første bolken presenterer Trude seg sjølv, og les høgt frå boka medan ho viser bileta på storskjerm.
Den andre bolken er ein workshop i visuell historiefortelling. I boka er det teikna inn mange "skjulte" bihistorier/karakterar som ikkje blir nevnt i teksten. Med utgangspunkt i dette skal elevane sjølv byggje vidare på karakterar og med visuelle hjelpemiddel skape nye fortelingar/eventyr. Klassen byrjar saman med Trude å teikne og skape eit karaktergrunnlagog eit plott på ein flipover eller ei tavle. Etterpå arbeider elevane vidare med dette som utgangspunkt, enten kvar for seg eller i små grupper. Dei bruker blyant, fargeblyant, fargestiftar og teikneark.
For at besøket skal fungere som lesestimulering bør boka vere tilgjengelig i etterkant. Undersøk gjerne om Viken fylkesbibliotek har klassesett til utlån: annelau@viken.no
ANDRE LESEFORSLAG:
Linde Hagerup: En bror for mye (Cappelen Damm 2016) ; Hans Sande: Hopp i havet, Elise! (Cappelen Damm 2010) ; Veronika Erstad: Korleis bli kvitt ei veslesøster - og sleppe unna med det! (Cappelen Damm 2018) ; Ingvild Boberg: Tre er en for mye (Gyldendal 2017) ; Ida Jackson: Lena og Anne-Marthe (Aschehoug 2018).
Viken fylkeskommune
DKS Viken og Trude Tjensvold
Trude Tjensvold
Trude Tjensvold
José Leguina, tlf: +47 922 40 493, e-post: josel@viken.no
Ole Jacob Evensen, tlf: +47 977 55 480, e-post: oleev@viken.no
Thomas Andre Fritsø, tlf: +47 975 28 544, e-post: thomasfr@viken.no
Stig Elvis Furset, tlf: +47 934 62 692, e-post: stigfu@viken.no
Trude Tjensvold, tlf: +47 958 05 342, e-post: trude@illustratorene.no