Bli kjent med operasjangeren generelt, og operaen Rusalka spesielt! To operapedagogar reiser rundt til grunnskulane i Bergen og held to timars kurs. Deretter får elevane får kome til Grieghallen og oppleve heile generalprøven 16. mars 2023.
I løpet av to skuletimar kan elevane bli kjende med operasjangeren generelt, og eventyroperaen Rusalka spesielt. Deretter får elevane får kome til Grieghallen og oppleve heile generalprøven torsdag 16. mars kl 11:00.
Dei to operapedagogane og songarane Stian Økland og Martina Starr-Larsen frå Bergen Nasjonale Opera frå Bergen Nasjonale Opera vil på ein underhaldande måte presentere tematikk og karakterar i operaen Rusalka, pluss la elevane bli litt betre kjent med den tsjekkiske komponisten Antonín Dvořák (1841-1904) og samtida hans. I løpet av desse to skuletimane vil elevene også bli aktiviserte med nokre leikande og praktiske utfordringar. Kursa er i veke 8 og 10.
EVENTYR OG UTANFORSKAP
Rusalka er i utgangspunktet ein eventyropera, med historia om vassnymfa Rusalka og ein menneskeleg prins som blir forelska, men som på grunn av ei forbanning ikkje kan få kvarandre utan at prinsen døyr. Operaen er m.a. inspirert av H.C. Andersens historie om "Den lille havfrue".
I Grieghallen er det den kjende katalanske regissøren Àlex Ollé frå gruppa La Fura dels Baus som set opp Rusalka, og for han er utanforskap eit viktig tema i operaen. Gruppa Teatertigrene frå Bergen er med som statistar, og står på scenen i lag med dei proffe operasongarane.
2 timer
(nei)
Se kalender
30
15 minutter
10 minutter
Klasserom eller lignende
2
Nei
Nei
Ja
Til første del: Eit vanleg undervisningsrom går fint. Eit stort musikkrom er supert. Det må vere prosjektor og lydanlegg til powerpointpresentasjon.
TILBUDET ER FULLBOOKET FOR VÅREN 2023.
TA KONTAKT MED charlotte@syvmil.no eller moyfrid@bno.no for å stå på venteliste!
Les om Teatertigrene her: https://bno.no/mennesker/teatertigrene
Her kan du lese meir om Bergen Nasjonale Operas versjon av Rusalka: https://bno.no/forestillinger/2021/rusalka-2023
PRAKTISK INFO OM KURS & GENERALPRØVE
Kurset ute i skulane kan f. eks. passe fint for valfaget Produksjon for scene og sjølvsagt faget musikk, men vil gi utbytte uansett fag. Operapedagogane møter elevane i klasse/gruppevis (helst maks. 30 elever per kurs). Det kan gjennomførast maks. to ulike kurs per dag à to skuletimar.
Med kurset som grunnlag får elevene deretter oppleve heile generalprøven på operaen Rusalka i Grieghallen torsdag 16. mars kl 11:00. Elevane får altså ein eksklusiv sjanse til å sjå framsyninga før det vanlege publikummet. Rusalka varer cirka 3 timar, inkludert 30 minutt pause. Operaen blir framført på originalspråket tjekkisk, men blir teksta på norsk over scenen – som elles i våre framsyningar.
GENERELT OM OPERA I SKULEN
Bergen Nasjonale Opera har i en årrekkje tilbydd kurs og prosjekt for både grunnskulen (i samarbeid med DKS Bergen) og vidaregående skuler (i samarbeid med DKS Vestland).
Les meir om BNOs skuleprosjekt generelt her:
https://www.bno.no/barn-og-unge/opera-i-skolen
Tilbodet i "Prosjekt Opera" er i to deler: Først eit to timars inspirasjonskurs som gir ei innføring i operasjangeren for elevane, og deretter nokre dagar/veker seinare: Heile generalprøven på vårens store opera i Grieghallen i Bergen.
Dei to erfarne operapedagogane vil på ein underhaldande måte presentere tematikk og karakterar i vårens opera, pluss la elevane bli litt betre kjent med komponisten og samtida hans/hennar. I løpet av dette inspirasjonskurset vil elevene også bli aktiviserte med nokre leikande og praktiske utfordringar.
2) Generalprøve i Grieghallen: Med inspirasjonskurset som grunnlag får elevene deretter oppleve heile generalprøven på vårens opera i Grieghallen ein torsdag i mars. Elevane får altså ein eksklusiv sjanse til å sjå framsyninga før det vanlege publikummet, med solistar, kor og Bergen Filharmoniske Orkester.
Målsettingar for "Prosjekt Opera"
Bergen Nasjonale Opera engasjerer årleg hundrevis av barn og unge, både i grunnskulen og i vidaregåande skular. Vi vil at barn og unge skal oppleve at opera er ei levande kunstform som også vedkjem dei. Vi trur at aktiv deltaking er den beste måten å bli kjend med opera på. Difor inviterer vi barn og unge til å delta i skapande prosessar saman med operapedagogane våre.
Operaopplevinga vil også kunne inspirere til interessante opplegg i etterkant, f.eks. i fag som musikk, språk, historie og litteratur.
Bergen kommune
Bergen Nasjonale Opera
Stian Økland
Martina Starr-Lassen
Bergen Nasjonale Opera
Charlotte Faaberg-Johansen, tlf: +47 957 28 778, e-post: charlotte@syvmil.no
Ragni Stoltenberg, tlf: +47 952 85 842, e-post: ragni.stoltenberg@bergen.kommune.no
Møyfrid Engeset, tlf: +47 452 24 511, e-post: moyfrid@bno.no
Olaf Mackenzie, tlf: +47 971 02 670, e-post: olaf@bno.no
Stian Økland, tlf: +47 926 86 630, e-post: stian.okland@gmail.com
Martina Starr-Lassen, tlf: +47 971 80 590, e-post: mstarrlassen@yahoo.no