Er du homo, eller?
«Homo» er framleis eit mykje nytta skjellsord i skulane i Noreg. Og sjølv om mykje blir stadig betre, kan det framleis vere vanskeleg å vekse opp som til dømes homofil i Noreg, sjølv i dag.
I denne produksjonen får du høyre historia om Andreas på 11 år, som i løpet av sommarferien forstår at han er homofil. Han blir glad i den nye guten i bygda, men kva gjer du når noko slikt skjer? Og korleis kan du vere ein god ven for nokon som opplever det?
Gjennom bruk av musikk og lydeffektar får du høyre historia fortalt som eit høyrespel, men du får også bli kjent med dei på scena. Både forfattaren av boka og musikaren i produksjonen vaks sjølv opp som homofile, og dei deler av eigne erfaringar undervegs.
Produksjonen har vore del av satsinga Meir nynorsk i DKS, med produksjonsveke i august 2021 ved Seanse i Volda.
45 minutter
Nei.
Se kalender
30
15 minutter
5 minutter
Klasserom eller lignende
2
Nei
Nei
Ja
Bord og stol til musikar.
Samfunnet har teke store steg med tanke på korleis det er vere noko anna enn heterofil i Noreg i dag, men likevel er det framleis ein veg å gå.
«Homo» er framleis eit mykje nytta skjellsord i skulegardar rundt om i landet, og det å kjenne seg annleis i oppveksten er nok akkurat like vanskeleg i dag som for 25 år sidan.
Med denne produksjon ynskjer vi å opne for refleksjon rundt tema som dette. Korleis møter du nokon som er på leit etter å finne ut kven dei er? Korleis kan du vere ein god ven? Og kva gjer du om du plutseleg bli forelska i nokon av same kjønn?
Denne produksjonen passar godt for 5. – 7. årstrinn sidan dette er målgruppa til boka, og samtidig ein periode der mange gjennomgår ein prosess nettopp for å finne ut kven ein er.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Geir Egil Eiksund
Henrik Koppen
Geir Egil Eiksund og Henrik Koppen
Ingvild Skotheim Aksoy, tlf: +47 928 66 517, e-post: ingvild.skotheim.aksoy@mrfylke.no
Geir Egil Eiksund, tlf: +47 922 39 325, e-post: geir.egil@gmail.com
Henrik Koppen, tlf: +47 917 96 282, e-post: h.koppen@gmail.com