Sklitaklingar og hjartebank
Andreas på 11 år blir forelska i den nye guten i bygda. Historia skildrar utfordringane han møter og korleis han lærer å akseptere seg sjølv.
Elevane møter forfattar Geir Egil Eiksund som les og fortel frå barneboka med same namn. Undervegs framfører musikar Henrik Koppen elektronisk musikk og spelar av lydeffektar og lydkulisser i møte med teksten. Samla blir det ei form for live høyrespel i klasserommet.
De to som kommer har liknande erfaringar som Andreas i boka, og deler også nokre personlege minne for å normalisere og ufarleggjere tematikken.
Tekst til ukeplan
Elevane får besøk av forfattar Geir Egil Eiksund og musikar Henrik Koppen, som framfører litteraturforestillinga «Kampen». Opplevinga er levert av Den kulturelle skulesekken i Viken.
45 minutter
Nei.
Se kalender
30
15 minutter
5 minutter
Klasserom eller lignende
2
Nei
Nei
Ja
Bord og stol til musikar.
Barneboka Kampen er historia om Andreas som sommaren før han skal starte i sjuande klasse finn ut at han er homofil. Tematikken i produksjonen er naturleg nok sentrert rundt dette. I produksjonen følgjer vi to parallelle historier.
Produksjonen har vore del av satsinga Meir nynorsk i DKS, med produksjonsveke i august 2021 ved Seanse i Volda.
Det tekniske rundt produksjonen
Undervegs framfører Henrik Koppen musikk på tangentar og spelar av lydeffektar og lydkulisser i møte med teksten. Andreas, hovudpersonen i historia, er sjølv svært oppteken av musikk, og lærer seg å spele kyrkjeorgel, så musikken som vert framført i DKS-produksjonen er ei naturleg forlenging av det som skjer i tekst-utdraga.
Orgelstykket Toccata og Fuge av Bach spelar ei viktig rolle i historia, elles vil det vere elektronisk musikk komponert spesielt til prosjektet av Henrik. I tillegg til musikken er det lydopptak og effektar som skaper miljø rundt historia, og som understreker kjenslene til hovudpersonane.
Vi har eit svært enkelt teknisk oppsett, og tek med oss alt vi treng av teknisk utstyr sjølve. Lydnivået på musikk og lydeffektar er så lågt at det går fint an å framføre teksten utan noko anna oppmikking, noko som fungerer godt i eit klasserom.
Dersom det er ønskjeleg med framsyning for større grupper samla i t.d. gymsal eller auditorium, vil vi nok ha behov for mikrofon og høgtalarar med lydmiksar eller liknande.
Dette er oss
Henrik Koppen (f. 1990) er musikar og biletkunstnar og er busett i Velsvik i Volda kommune, Møre og Romsdal. Han har tidlegare heldt ymse kunst-verkstader for born i alderen 8-14 innan performancekunst og collage, samt vore pianist for fleire borne- og ungdomskor.
Geir Egil Eiksund (f. 1988) er lærar, journalist og forfattar og er busett i Volda, Møre og Romsdal. Som lærar i Osloskulen gjennom fem år, har han god erfaring frå klasserommet. Barneboka Kampen kom ut i mai 2021 med målgruppe 9-12 år.
Relevans for målgruppa
Samfunnet har teke store steg med tanke på korleis det er vere noko anna enn heterofil i Noreg i dag, men likevel er det framleis ein veg å gå.
«Homo» er framleis eit mykje nytta skjellsord i skulegardar rundt om i landet, og det å kjenne seg annleis i oppveksten er nok akkurat like vanskeleg i dag som for 25 år sidan.
Med denne produksjon ynskjer vi å opne for refleksjon rundt tema som dette. Korleis møter du nokon som er på leit etter å finne ut kven dei er? Korleis kan du vere ein god ven? Og kva gjer du om du plutseleg bli forelska i nokon av same kjønn?
Denne produksjonen passar godt for 5. – 7. årstrinn sidan dette er målgruppa til boka, og samtidig ein periode der mange gjennomgår ein prosess nettopp for å finne ut kven ein er.
Programtekst retta mot målgruppa:
Er du homo, eller?
«Homo» er framleis eit mykje nytta skjellsord i skulane i Noreg. Og sjølv om mykje blir stadig betre, kan det framleis vere vanskeleg å vekse opp som til dømes homofil i Noreg, sjølv i dag.
I denne produksjonen får du høyre historia om Andreas på 11 år, som i løpet av sommarferien forstår at han er homofil. Han blir glad i den nye guten i bygda, men kva gjer du når noko slikt skjer? Og korleis kan du vere ein god ven for nokon som opplever det?
Gjennom bruk av musikk og lydeffektar får du høyre historia fortalt som eit høyrespel, men du får også bli kjent med dei på scena. Både forfattaren av boka og musikaren i produksjonen vaks sjølv opp som homofile, og dei deler av eigne erfaringar undervegs.
Viken fylkeskommune
Geir Egil Eiksund og Henrik Koppen.
Geir Egil Eiksund
Henrik Koppen
Musiker Henrik Koppen
Geir Egil Eiksund og Henrik Koppen
Geir Egil Eiksund og Henrik Koppen
Dette er oss
Henrik Koppen (f. 1990) er musikar og biletkunstnar og er busett i Velsvik i Volda kommune, Møre og Romsdal. Han har tidlegare heldt ymse kunst-verkstader for born i alderen 8-14 innan performancekunst og collage, samt vore pianist for fleire borne- og ungdomskor.
Geir Egil Eiksund (f. 1988) er lærar, journalist og forfattar og er busett i Volda, Møre og Romsdal. Som lærar i Osloskulen gjennom fem år, har han god erfaring frå klasserommet. Barneboka Kampen kom ut i mai 2021 med målgruppe 9-12 år.
Ida Hasund, tlf: +47 404 92 913, e-post: idaha@viken.no
José Leguina, tlf: +47 922 40 493, e-post: josel@viken.no
Gunnar Vilberg, tlf: +47 924 88 670, e-post: gunnarv@viken.no
Geir Egil Eiksund, tlf: +47 922 39 325, e-post: geir.egil@gmail.com