Prosjekt Opera: Den glade enke

arrow_back Produksjoner

Bli kjend med operasjangeren generelt, og operetten Den glade enke spesielt gjennom eit to-delt tilbod: Først eit to timars inspirasjonskurs med to operapedagogar som kjem på besøk til skulen. Deretter invitasjon til generalprøven på Den glade enke, der elevane får oppleve heile framsyninga i Grieghallen torsdag 24. mars 2022 kl 11:00.

Tenoren og rockegitaristen Stian Økland reiser ut til den enkelte skulen saman med sopranen Martina Starr-Lassen for å guide elevane ved hjelp av musikk, historier og song. I løpet av to skuletimar kan 8.-10. trinn bli kjende med operetter generelt, og Den glade enke spesielt. Deretter får elevane får kome til Grieghallen og oppleve heile generalprøven torsdag 24. mars kl 11:00.

Desse to unge operapedagogane frå Bergen, som begge også er songarar, vil på ein underhaldande måte presentere tematikk og karakterar i operetten Den glade enke,  pluss la elevane bli litt betre kjent med komponisten Franz Lehár og samtida hans. I løpet av desse to skuletimane vil elevane også bli aktiviserte med nokre leikande og praktiske utfordringar.

Les meir om dei to operapedagogane her:

https://bno.no/mennesker/martina-starr-lassen

https://bno.no/mennesker/stian-okland

 

 

 

 

 


Nyttig informasjon

keyboard_arrow_down

Varighet

2 timer

Behov for bærehjelp eller annen lokal hjelp

Sted

Se kalender

Maks publikumsantall

30

Oppriggingstid

15 minutter

Nedriggingstid

10 minutter

Arena/rom

Klasserom eller lignende

Antall utøvere

2

Trenger scene

Nei

Trenger blending

Nei

Trenger el-uttak

Nei

Ønsker til lokal arena

I første del av inspirasjonskurset treng dei to operapedagogene eit stort rom, gjerne klasserom, som er rydda og der stolane står i hestesko framfor tavla. I tillegg er ca. 3 grupperom en fordel, fordi i siste del av kurset blir elevene delt opp i mindre grupper for praktiske øvingar.

OM DEN GLADE ENKE
Den glade enke er ei legendarisk operette av Lehár,  men i denne samproduksjonen mellom Det kongelige teater i København og Bergen Nasjonale Opera blir det ein rykande fersk og saftig vri på heile historia: Ei gigantisk discokule skal fylle scenen i Grieghallen,  og både solistar, kor og dansarar stiller i spesiallaga kostymar.

Eirik del Barco Soleglad spelar den oppfinnsame og bergenske teatersjefen Zeta, og det er også Soleglad som har laga den norske versjonen av teksten. Blant andre norske solistar finn vi m.a. den unge tenoren Bror Magnus Tødenes og artisten Silya Nymoen. Bergen Filharmoniske Orkester spelar alle dei kjende perlene, som Vilja-songen og Enkevalsen.

Les meir om Bergen Nasjonale Operas versjon av Den glade enke her:

https://bno.no/forestillinger/2021/den-glade-enke-2.0

 

PRAKTISK INFO OM KURS & GENERALPRØVE
Kurset ute i skulane er laga for 8.-10. trinn i Bergen kommune, og kan f. eks. passe fint for valfaget Sal og scene, og sjølvsagt faget musikk, men vil gi utbytte uansett fag. Martina og Stian møter elevane i klasse/gruppevis (helst maks. 30 elever per kurs). Det kan gjennomførast maks. to ulike kurs per dag à to skuletimar. Kursa er i veke 8 og 10, dvs dagane 21.-25. februar og 7.-11. mars. (Vinterferien for skulane er i veke 9.)

Med kurset som grunnlag får elevene deretter oppleve heile generalprøven på operetten Den glade enke i Grieghallen torsdag 24. mars 2022 kl 11:00. Elevane får altså ein eksklusiv sjanse til å sjå framsyninga før det vanlege publikummet i Bergen. Operetten varer cirka 2 timar og 40 minutt, inkludert 30 minutt pause. Operetten blir framført på norsk, svensk og dansk, og songane blir teksta på norsk.

GENERELT OM  SKULETILBODA FRÅ BERGEN NASJONALE OPERA
Bergen Nasjonale Opera (BNO) har i en årrekkje tilbydd kurs og prosjekt for både grunnskulen (i samarbeid med DKS Bergen) og vidaregående skuler (i samarbeid med DKS Vestland).

Les meir om BNOs skuleprosjekt generelt her:

https://www.bno.no/barn-og-unge/opera-i-skolen

 

 

 

Utøvere og produsenter

keyboard_arrow_down

Arrangert av

Bergen kommune

Produsert av

Utøvere

Andre medvirkende

2 operapedagogar 

Gruppenavn

Bergen Nasjonale Opera

Idé/opplegg

Om kunstner / utøver / gruppe

Kontakt

keyboard_arrow_down

Kontaktperson i Den kulturelle skolesekken

Ansvarlig planlegger/turnéansvarlig

Charlotte Faaberg-Johansen, tlf: +47 957 28 778, e-post: charlotte@syvmil.no

Solveig Lavik, tlf: +47 920 63 511, e-post: solveig.lavik@bergen.kommune.no

Produsent/fagansvarlig

Kontaktperson utøver

Møyfrid Engeset, tlf: +47 452 24 511, e-post: moyfrid@bno.no

Olaf Mackenzie, tlf: , e-post:

Eivind Gullberg Jensen, tlf: +47 920 49 206, e-post: eivind@bno.no

Olaf Mackenzie, tlf: +47 971 02 670, e-post: olaf@bno.no