I framsyninga Blindsone møter vi dei to ungdomane Anwar og Walid. Dei er to mindreårige flyktningar frå Afghanistan, som bur på eit mottak i Noreg. Anwar og Walid blir spelte av to afghanske gutar frå Oslo. I Blindsone blir vi kjende med gutane på mottaket, men blir vi også kjende med dei to gutane frå Oslo og deira syn på historia? Kven har definisjonsmakta? Kven fortel eigentleg historiene? Og kva er blindsonene i samfunnet vårt?
Dette er ei tverrkunstnarisk framsyning for ungdom med fokus på representasjon, språk og definisjonsmakt. Blindsone er basert på ungdomsromanen "Eit anna blikk", som forfattar Erlend Skjetne fekk Brageprisen for. Framsyninga er produsert av Nynorsk kultursentrum i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, Nynorsksenteret og manusforfattar og regissør Mine Nilay Yalcin. Skodespelarar er Jahanger Ali og Samir Madad.
45 minutter
Se kalender
120
60 minutter
30 minutter
Gymsal, Auditorium, Aula eller lignende
3
Nei
Ja
Ja
Heile lokalet må vere på ei flate, då scena blir i midten og elevane sit på golvet rundt utøvarane.
Produksjonen er på nynorsk og på skodespelarane si eiga dialekt og eige språk. Skodespelarane nyttar sin bakgrunn, både frå Afghanistan og Oslo aust, inn i formidlinga av rollene, og dei tar steget ut av karakterane med observasjonar. Framsyninga reflekterer, både i innhald og uttrykk mangfaldet i landet – både gjennom språket, forteljinga og aktørane som er involverte.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Nynorsk kultursentrum i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune og Nynorsksenteret.
Samir Madad
Jahanger Ali
Zebastian Poindexter
Ronja Voldsund, tlf: +47 93 05 39 59, e-post: ronja.voldsund@mrfylke.no
Åshild Widerøe, tlf: +47 93 02 17 42, e-post: ashild.wideroe@mrfylke.no
Åshild Widerøe, tlf: +47 93 02 17 42, e-post: ashild.wideroe@mrfylke.no
Tone Slenes, tlf: +47 91 51 88 22, e-post: tone.slenes@nynorsk.no
Drifa Gudmundsdottir, tlf: +47 46 70 08 31, e-post: drifa.gudmundsdottir@nynorsk.no