Bli kjent med operasjangeren generelt, og operaen Katja Kabanova spesielt! To operapedagogar reiser rundt til grunnskulane i Bergen og held to timars kurs. Deretter får elevane kome til Grieghallen og oppleve heile generalprøven i Grieghallen kl 11.00 02. november 2023.
Dei to operapedagogane frå Bergen Nasjonale Opera vil på ein underhaldande måte presentere tematikk og karakterar i operaen Katja Kabanova, pluss la elevane bli litt betre kjent med den tsjekkiske komponisten Leoš Janáček (1854-1928) og samtida hans. I løpet av desse to skuletimane vil elevene også bli aktiviserte med nokre leikande og praktiske utfordringar.
2 timer
Se kalender
30
15 minutter
10 minutter
Klasserom eller lignende
2
Nei
Nei
Ja
Eit vanleg undervisningsrom går fint. Eit stort musikkrom er supert. Det må vere prosjektor og lydanlegg til powerpointpresentasjon
Her kan du lese meir om Bergen Nasjonale Operas versjon av Katja Kabanova:
https://bno.no/forestillinger/2023/katja-kabanova
PRAKTISK INFO OM KURS & GENERALPRØVE
Kurset ute i skulane kan f. eks. passe fint for valfaget Produksjon for scene, og sjølvsagt faget musikk, men vil gi utbytte uansett fag. Operapedagogane møter elevane i klasse/gruppevis (helst maks. 30 elevar per kurs). Det kan gjennomførast maks. to ulike kurs per dag à to skuletimar. (Første kursdel 45 minutt, så ca 15 minutt pause, før siste kursdel 45 minutt).
Med kurset som grunnlag får elevene deretter oppleve heile generalprøven på operaen Katja Kabanova i Grieghallen torsdag 02. november kl 11:00. Elevane får altså ein eksklusiv sjanse til å sjå framsyninga før det vanlege publikummet. Katja Kabanova varer ca. 2 timar og 15 minutt, inkludert 30 minutt pause. Operaen blir framført på originalspråket tsjekkisk, men blir teksta både på norsk og engelsk over scenen.
GENERELT OM OPERA I SKULEN
Bergen Nasjonale Opera har i en årrekkje tilbydd kurs og prosjekt for både grunnskulen (i samarbeid med DKS Bergen) og vidaregående skuler (i samarbeid med DKS Vestland).
Les meir om BNOs skuleprosjekt generelt her:
https://www.bno.no/barn-og-unge/opera-i-skolen
Bergen kommune
Stian Økland
Martina Starr-Lassen
Bergen Nasjonale Opera
Ragni Stoltenberg, tlf: +47 952 85 842, e-post: ragni.stoltenberg@bergen.kommune.no
Ragni Stoltenberg, tlf: +47 952 85 842, e-post: ragni.stoltenberg@bergen.kommune.no
Ann Christin Jenssen, tlf: +47 408 18 151, e-post: ann.jenssen@bergen.kommune.no
Møyfrid Engeset, tlf: +47 452 24 511, e-post: moyfrid@bno.no
Olaf Mackenzie, tlf: +47 971 02 670, e-post: olaf@bno.no
Stian Økland, tlf: +47 926 86 630, e-post: stian.okland@gmail.com
Martina Starr-Lassen, tlf: +47 971 80 590, e-post: mstarrlassen@yahoo.no