Geitbåten - 8. trinn

DIGITAL PRODUKSJON

arrow_back Produksjoner

Denne produksjonne er digital og lenke til filmen og passord sendes per e-post via Portalen til de som har fått tildelt produksjonen skoleåret 2023/24 (dvs. 8. trinn)! Om noen skoler ikke har fått dette innen 1. september - ta kontakt med maribak@trondelagfylke.no NB! Produksjonen er lagt til en vilkårlig/fiktiv arena og på en vilkårlig dato i turnekalenderen - dere kan se den når dere ønsker det ila. skoleåret!

Geitbåten er ein spennande dokumentar som gjev innblikk i livet til den unge båtbyggjaren Hallvard. Vi blir teke med i prosessen med å byggje ein geitbåt, på sosialt samvær med vener, og ikkje minst blir vi teke med på seglinga av den fantastiske båten.


Varighet

45 minutter (30 min + 14 min)

Sted

Ikke satt

Maks publikumsantall

200

Del 1: Filmen Geitbåten

I denne filmen møter vi den unge båtbyggjaren Hallvard, som er den einaste som byggjer geitbåtar aktivt i dag. Om han lurer på noko, må han studere båtane i museet for å få svar, eller spørje bestefar Jon. Det er bestefar Jon som har lært Hallvard å byggje geitbåt. Dei to trivst godt i lag, og Hallvard meiner bestefar har ein eigen «bestefarpedagogikk».

 

Både bestefar Jon Godal og Hallvard Heide er tilknytta Geitbåtmuseet i Heim kommune. Geitbåtmuseet har ei utviklings- og produksjonsavdeling som heiter Husasnotra, og det er der Hallvard byggjer geitbåtar. 

 

Geitbåten er ein av dei mest opphavlege båtkonstruksjonane i Noreg. Desse båtane liknar i strukturen til dømes i Gokstadskipet. Geitbåten vart tradisjonelt bygd og bruka i Romsdalen, på Nordmøre og jamvel litt i den i sørvestlegaste delen av Trøndelag. Denne båten har hatt stor betydning for utvikling av tradisjonsbåtar i Noreg. 

 

Geitbåten syner at det er mogleg for unge folk å halde på med tradisjonshandtverk, og at det kan gjeve eit interessant og utviklande arbeid å føre vidare gamle tradisjonar, slik Hallvard gjer. Filmen gjev sjåaren innføring i kva ein geitbåt er, så vel som glimt inn i det å byggje og segle. 

 

Del 2: Sløydoppgåve

Hallvard har laga ei sløydoppgåve som elevane kan gjere etter dei ser filmen. Det er lagt ved omtale av oppgåva, og i denne fins ei lenke til ein instruksjonsvideo der Hallvard syner korleis oppgåva kan utførast. Sløydoppgåva handlar om å gå ut i skogen, finne emne og å lage ein knagg. Vi ynskjer at lærarane gjer ei vurdering av om denne oppgåva å gjera på skolen i lag med sløydlæraren. Alternativet er å ha henne som valfri oppgåve for elevane å gjere heime. Uansett bør dei få vilkår for å sjå oppgåva.

Filmane kan streamast eller lastast ned frå vimeo - link til filmane og passord sendas via melding i Portalen ila. første skuleveke. Ikke fått den? Send e-post til maribak@trondelagfylke.no NB: Skulene kan ikkje vise filmane til andre enn dei som får tilbodet, skuleåret 2023-24. To veker etter at Geitbåten er lasta ned skal alle nedlastingar slettast og det skal sendast ei skriftleg stadfesting pr e-post til Jonathan Kalvik Gorton - jonathan.kalvik.gorton@nordmore.museum.no - om at dette er gjort. Dette har med rettigheiter og eigedom til verket å gjere. 

Å få laget digitale produksjoner er relativt nytt for oss i DSK Trøndelag og dette - samtidig som vi er litt pionerfylke i så måte – gjør at vi virkelig håper at dere vil bruke to minutt på en liten Questback som vi har laget og dere finner her: https://response.questback.com/trfk/azpn1tvx2v  Det er særdeles viktig for oss med tilbakemeldinger, det er jo dere - skolene og elevene - vi har laget dette tilbudet for. 

Arrangert av

Trøndelag fylkeskommune

Produsert av

Utøvere

Andre medvirkende

Gruppenavn

Geitbåtmuseet

Idé/opplegg

Om kunstner / utøver / gruppe

Kontaktperson i Den kulturelle skolesekken

Ansvarlig planlegger/turnéansvarlig

Marit Bakken, tlf: +47 98 63 00 60, e-post: maribak@trondelagfylke.no

Produsent/fagansvarlig

Marit Bakken, tlf: +47 98 63 00 60, e-post: maribak@trondelagfylke.no

Kontaktperson utøver

Jonathan Kalvik Gorton, tlf: +47 90 18 01 61, e-post: jonkalgor@gmail.com