DIGITAL PRODUKSJON
Denne produksjonen er digital og lenke til filmen og passord sendes per e-post via Portalen til de som har fått tildelt produksjonen skoleåret 2023/24 (dvs. 9. trinn)! Om noen skoler ikke har fått dette innen 1. september - ta kontakt med maribak@trondelagfylke.no NB! Produksjonen er lagt til en vilkårlig/fiktiv arena og på en vilkårlig dato i turnekalenderen - dere kan se den når dere ønsker det ila. skoleåret!
Familien Morsets motstandskamp under 2.verdskrigen vart kjent i 1963 gjennom boka ”Og tok de enn vårt liv” av Per Hansson. Peder og Marit Morset og dei sju sønene deira vart involverte i kampen mot nazismen og okkupasjonsmakta. Det kosta dei dyrt. Historiske hendingar er oftast skildra av og om menn. I denne filmen er det mora som fortel historia. Korleis er det å oppdra ungdom til å kjempe for fridom - og så miste dei på grunn av det du har lært dei opp til å vera? Den gripande historia om prisen for fridomen blir formidla av skodespelar Elisabeth Matheson og trekkspelar Øivind Farmen.
Regi: Magnus Lillemark. Musikk: Terje Bjørklund. Tekst: Elisabeth Matheson.
Spilletid: 49 minut
45 minutter
Se kalender
100
5 minutter
5 minutter
Klasserom, Auditorium, Aula eller lignende
Nei
Ja
Ja
Snømørkt - ei mor si krigshistorie
Ei digital konsert-forteljing om familien Morsets motstandskamp i Selbu under 2. verdskrigen. Sju unge brør vert involverte i kampen mot nazismen. Det er mor deira som fortel historia. Gjennom monolog, film og musikk formidlar skodespelar Elisabeth Matheson og musikar Øivind Farmen den gripande historia om prisen for fridomen.
HANDLINGA: Historia om Morsetfamilien vart kjend for heile landet gjennom Per Hansson si bok frå 1963: ”Og tok de enn vårt liv”. Fleire generasjonar nordmenn fekk eit sterkt forhold til boka. Men 70 år etter dei dramatiske hendingane er boka og Morset-familien si historie på veg ut av medvit, klasserom og bokhyller. Samtidig er nynazistisk tankestoff på veg inn.
TEMA OG MÅL: Korleis skal menneske finne mot til å kjempe for frihet og demokrati? Filmen viser prisen motstandskampen hadde for mange, og kva traumer krig kan føre til for individ og familier. Med Snømørkt ønskjer vi å skape forståing for dei som slit med krigstraumer; mange av desse kjem i dag til våre lokalsamfunn. Vi vil også tenne engasjement blant ungdom for å stå opp for - og verne – demokratiet.
Snømørkt - ei mor si krigshistorie er filma på eit fraflytta småbruk i Selbu. Vi viser mor Marit Morset på kjøkkenet etter krigen, der ho fortel historia, delvis rett i kamera, for å halde minner og mareritt i sjakk. Den einaste som er tilbake saman med henne er den yngste sonen Trond. Han var 12 år da dei dramatiske hendingane fann stad, og er no vorte ein sky og inneslutta 17-åring. Fortellinga har energi, dramatikk og humor i tillegg til alvor og sorg. Monolgen er skrive på nynorsk og framførast på Tydalsdialekt. (Liknar på Røros-mål). Marit Morset var frå fjellbygda Stugudal i Tydal, søraust i Trøndelag.
Materialet er tidlegare framført live for firma, Den Kulturelle Spaserstokken, og på nokre opne framsyningar. Den digitale versjonen er tilpassa ungdom i ungdomstrinnet og videregåande skule. I møte med publikum har vi fått sterke reaksjonar på stoffet.
Her er nokre sitat frå publikum:
“Vi fikk oppleve en sterk historie der skuespiller og musiker utfylte hverandre på en fremragende måte. Magisk og rørende! At temaet i ”Snømørkt” fortsatt er dagsaktuelt fikk vi bekreftet gjennom en av våre ansatte som satt i salen, og som kom til Norge fra Bosnia Herzegovina tidlig på 2000-tallet; «Dette kunne ha vært min historie – dette har jeg erfart». Dere tok pusten fra oss”.
Arve Renå. Malvik kommune.
En sterk forestilling om menneskers styrke og vilje i en vanskelig tid! Den griper tak i deg og åpner for refleksjon om hva som virkelig betyr noe. Musikken i stykket bidrar til en helhet - det er ikke mulig å ikke bli berørt».
Gunnar Ross, NAV Trøndelag
UNDERVISNINGSOPPLEGG:
Dette digitale tilbodet kan knyttast opp til demokrati-forståing, ytringsfridom, historieundervisning og nynorsk.
Boka "Og tok de enn vårt liv" av Per Hansson kan lesast etter framsyninga. Elevane kan få i oppgåve å velgje seg ein av dei sju sonene, sette seg inn historia sett frå denne personen og følge fluktruta til denne personen på kartet og i kalenderen. I framføring for klassen vil heile familien si krigsoppleving og/eller fluktruter bli kartlagd.
Ein kan også fokusere på ytringsfridom. Med utgangspunkt i filmen: Kva for grep vart brukte for å kontrollere tanker og meiningar under andre verdskrigen? Kva vart sensurert, forbudt og straffa av kunst, kultur, idrett, foreiningar og politiske ytringar? Kor langt inn i heimane kom sensuren?
Link til nedlastbar vimeolink og passord sendast til den enkelte skule. VIKTIG: Skulene kan ikkje vise filmen til andre enn dei som får tilbodet, på 9. trinn i skuleåret 2023-24. To veker etter at filmen er lasta ned skal alle nedlastingar slettast og det skal sendast ei skriftleg stadfesting pr e-post til Elisabeth Matheson: elismatheson@gmail.com om at dette er gjort. Dette har med rettigheiter og eigedom til verket å gjere, både til sjølve filmen, teksten og musikken.
Produksjonen er støttet av Trøndelag fylkeskommune, Selbu kommune og Selbu Sparebank.
Lenke til filmen og passord sendes som melding i Portalen til de skolene som har fått tildelt produksjonen skoleåret 2023/24! Om noen ikke har fått dette ila. første uka i september - ta kontakt med maribak@trondelagfylke.no
Å få laget digitale produksjoner er helt nytt for oss i DKS Trøndelag, og dette - samtidig som vi er litt pionerfylke i så måte – gjør at vi virkelig håper at dere vil bruke to minutt på en liten Questback som vi har laget og dere finner her: https://response.questback.com/trfk/azpn1tvx2v Det er særdeles viktig for oss med tilbakemeldinger, det er jo dere - skolene og elevene - vi har laget dette tilbudet for.
Trøndelag fylkeskommune
Øivind Farmen
Elisabeth Matheson
Elisabeth Matheson/Øivind Farmen
Elisabeth Matheson og Øivind Farmen
Marit Bakken, tlf: +47 98 63 00 60, e-post: maribak@trondelagfylke.no
Marit Bakken, tlf: +47 98 63 00 60, e-post: maribak@trondelagfylke.no
Øivind Farmen, tlf: +47 90 01 16 14, e-post: farmen@farmen.net
Elisabeth Matheson, tlf: +47 41 80 61 72, e-post: elismatheson@gmail.com