Smed Terje Granås med assistentane Tønnes Halgrim og Ådne
Terje Smed med assistentane Ådne og Tønnes Halgrim

- EIN SJANSE TIL Å BEVISE KVA EIN KAN

Eit besøk frå Den kulturelle skulesekken kan føre til at elevar får vist nye sider ved seg sjølv.

Tønnes hjelper medelev med essa
Tønnes Hallgrim kjem med meir kôl.

Det starta litt tilfeldig. Femten år gamle Ådne Kristiansen Nordås er praktikar av natur og ville så gjerne lage meir enn éi eldrake, då smed Terje Granås var på DKS-besøk på Bryne ungdomsskule. Det fekk han ikkje, men entusiasmen til tenåringen sette i gang nokre tankar hos Granås.

Den profesjonelle smeden har turnert med produksjonen Smi medan jernet er varmt i mange år, så han er van med å halde styr på x antall tenåringar samtidig som eld skal passast, glødande jern skal hamrast og instruksjonar, kontekst og historikken til smed-yrket skal formidlast. Men dette skuleåret var han for første gong på ein ungdomsskule. Det var noko med modnaden til åttandeklassingar samanlikna med elevar i vidaregåande, som han kjende litt på…

Då han såg iveren og engasjementet til Ådne, lanserte han spontant ideen om å opprette ei rolle som smedassistent til kulturkontakten til skulen, som velvillig handplukka elevane som fekk tilbodet.

Sidan produksjonen skulle køyrast for alle trinna på Bryne ungdomsskule, var smeden på skulen i 12 dagar. I tillegg til Ådne blei bestekompisen hans, Tønnes Hallgrim Skrudland Hetland, og ein elev frå 9. klasse hanka inn.

Smed Terje Granås ved essa

Dei to blide og kvikke femtenåringane driv allereie eit vedfirma, TREB, der dei produserer ved for sal. Dei har i tillegg selt pizzafjøler til ein lokal restaurant.

– Vi liker begge fysisk arbeid, og det var gildt og lærerikt å vere hjelpelærar, fortel dei to ungdomsskuleelevane.

– Det var fint for Ådne og meg å vise heile skulen at folk har ulike ferdigheiter og at ikkje alle passar til å sitje i eit klasserom, seier Tønnes.

– Eg er ikkje så god på det teoretiske. Gjennom dette DKS-opplegget fekk eg bevist for andre at eg òg er flink til ting. Eg kjende eg hadde kontroll, og hjelpte og forklarte dei andre elevane kva som skulle gjerast.

Ådne supplerer:

– Det var gildt å meistre og vise at eg er god på det praktiske. Eg er ikkje så sterk fagleg, men med smiing, så var eg mykje betre enn andre. Det var òg fint å få eit avbrekk, for eg blir fort lei og stressa av å berre sitje i eit klasserom.

Ringverknader av DKS-besøket

Smakebiten av det eldgamle handverket har tent ei interesse. Ådne og Tønnes vurderer å utvide sortimentet dei tilbyr med ein fyringspakke beståande av ved, tennbriketter og eigensmidd eldrake. Til å produsere sistnemnde trengst ei mobil esse. Slike er dyre i innkjøp, så dei leikar med tanken på å byggje ei sjølv av bildelar.

– Vi lærte mykje av å ha smeden på besøk, og det var overraskande interessant. Det er det beste DKS-opplegget vi har vore med på! Vi vil gjerne ha fleire slike opplegg, samanfattar elevane.

Også kulturkontakt Erling Knutzen er begeistra for DKS-produksjonen.

– Eg har fått svært gode tilbakemeldingar, og både elevar og lærarar har skrytt opplegget opp i skyene. Elevane koste seg, jobba på og lærte mykje på ein kjekk måte. I tillegg opplevde dei meistring og fekk med seg eit eigenprodusert produkt heim, seier rådgivaren på Bryne ungdomsskule.

Ei anna form for medverknad

Det er fjerde året Smi medan jernet er varmt turnerer i Rogaland. Skuleåret 2022/23 var produksjonen med i ei prøveordning der ungdomsskulane sjølv kunne velje DKS-tilbodet sitt.

Elin Hetland, turnéleggjar og produsent for kulturarv i DKS Rogaland, fortel at produksjonen er mykje etterlyst og ønskt tilbake av skular i fylket deira.

– Smeden er veldig fin med elevane, og dei synest det er kjekt å gjere noko aktivt og fysisk. Eg trur elevar generelt er litt sveltefôra på det.

Ho var innom Bryne ungdomsskule då produksjonen var på besøk, og så sjølv kva verdi assistent-initiativet hadde. Dei tre elevane vaks på oppgåva og smeden var takksam for hjelpa.

– Vi tenkjer ofte på medverknad som utveljing av produksjonar – dette var noko heilt anna – og det fungerte kjempegodt. Så det har sett i gang tankar hos oss i administrasjonen om det er mogleg å gjere noko liknande med andre produksjonar, seier Hetland.

Fakta om Smi medan jernet er varmt

  • Turnerar i skuleåret 2022/23 i Agder, Vestfold og Telemark, Rogaland og Innlandet.
  • Er eit undervisnings- og opplevingsopplegg tufta på solide kunnskapar i tradisjonshandverk.
  • Elevane får ei kort innføring i smedfaget, deretter jobbar dei parvis ved feltessene. Dei får erfaring med oppfyring, manuell innblåsing av luft, og bruk av ulike typar verktøy. I prosessen tileignar dei seig materialkunnskap om smijern. Dei lagar si eiga eldrake.
  • Bryne ungdomsskule ligg i Time kommune på Jæren. Skulen har om lag 400 elevar. Smi medan jernet er varmt hadde totalt 23 arrangement fordelte på 12 dagar på skulen vinteren 2023.
  • Terje Granås er profesjonell smed med sveinebrev og over 20 års erfaring i faget. Han var smed-stipendiat ved Norsk Håndverksinstitutt i tre år.
  • Smedfaget står på UDIRs liste over verneverdige tradisjonshandverksfag.
  • Les meir om produksjonen

Dette er ein reportasje som først har blitt publisert på Kulturtanken sine nettsider.