Avlysing av DKS-turnear til og med 17. januar

På grunn av nye tiltak for å hindre smitte av korona blir alle DKS-arrangement avlyst frå i dag 4. januar og til og med 17. januar. Vi beklagar dette.

Vi i den kulturelle skolesekken Møre og Romsdal vil følge med på situasjonen og vil gjere vurderingar for kva som skal skje etter 17. januar.

Oppdatert informasjon om DKS-arrangement etter 17. januar kjem i løpet av veke 2.

Om de har spørsmål ta gjerne kontakt via vår fellesadresse kultursekken@mrfylke.no.