Foto: Lucas Leonardo Ibanez-Fæhn

Digitalt kulturtorg for vidaregåande skole

Kulturtorget er den viktigaste møteplassen for kulturkontaktar og elevar i Møre og Romsdal. I 2021 vil denne møteplasssen bli digital.

11. februar sender vi direkte ut til alle vidaregåande skolane i fylket. Det blir korte visningar og presentasjonar av programmet for skoleåret 2021/2022. Vi håper at fleire elevar, lærar og rektorar kan delta no når vi går digitalt.

Programmet for dagen kjem etter kvart.

Påmelding finn de her.