Publisert 11.11.2020
Vi lever i ei tid med usikkerheit og stadig ny informasjon knytta til smittesituasjon rundt Covid-19.
Smitten er forholdsvis lav i Møre og Romsdal, og ingen skular er stengde.
Men kulturlivet generelt har begrensingar, og det er restriksjonar på møter i sosiale settingar.
Difor er det meir enn nokon gong viktig å gi barn og unge gode kulturopplevingar, og vi vil så langt det let seg gjere sørge for at DKS-besøka går som planlagt i skulane.
Det er betre at vi samarbeider med dykk om å gjere det tryggast muleg ved å gjere tilpassingar framfor å avlyse.
Eksempel på tilpassing kan vere at:
- Skulen ikkje dreg på kulturhus eller til andre skular, men får produksjonen til skulen.
- Færre elevar enn planlagt kan sjå forestillinga.
- Ein produksjon kan visast to gonger i staden for ein, med færre elevar til stades per forestilling.
Er du usikker på situasjonen, ta kontakt med oss, så finn vi løysingar i fellesskap.
Det er også viktig at kunstnaren/utøvaren får vist fram sin kunst, si forestilling, og dermed få gjort jobben sin som har vore planlagt og avtalt i lang tid. På den måten beheld vi gode kunstnarar/utøvarar i DKS vidare, også når Covid-19 er over.
Smittevernrettleiarar for DKS Møre og Romsdal finn du her https://www.denkulturelleskolesekken.no/more-og-romsdal/
Og vi rettar oss etter lokale og nasjonale smittevernreglar, råd og retningslinjer som til ei kvar tid er gjeldande.