Foto: Jonas Jeremiassen Tomter

Programmet for 2020/2021 er no klart

Programmet for Den kulturelle skolesekken er no klart, og vi
er stolte av å levere eit program fullt av profesjonelle kunst- og
kulturtilbod til alle elevane i Møre og Romsdal, både i grunnskole og vidaregåande skole.

Denne våren mista store og små elevar mange gode kulturopplevingar. Kulturlivet stoppa brått opp i mars. Men det stoppa ikkje oss frå å planlegge eit nytt og spennande skoleår. DKS Møre og Romsdal har mange godbitar både haust og vår.

Programmet inneheld både nye produksjonar og ein del vidareføringar. Det blir fart og moro, dundrande rytmar, sterke historier, utforsking av uttrykk gjennom kunsten, improteater, barnebokbad, utforsking av språket, tredemølleteater og mykje meir.

Vi håper tilboda vil gje elevane gode møte med kunstnarar
og profesjonell kunst og kultur i skolen.

Ønsker dykk alle eit riktig godt skoleår!
Helsing frå oss i Den kulturelle skolesekken i Møre og Romsdal.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *