{"id":3320,"date":"2025-09-05T10:19:08","date_gmt":"2025-09-05T10:19:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.denkulturelleskolesekken.no\/innlandet\/?p=3320"},"modified":"2025-09-09T13:03:21","modified_gmt":"2025-09-09T13:03:21","slug":"kunsten-a-laere-2","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.denkulturelleskolesekken.no\/innlandet\/2025\/09\/05\/kunsten-a-laere-2\/","title":{"rendered":"Kunsten \u00e5 l\u00e6re"},"content":{"rendered":"\n<h2 class=\"wp-block-heading\"><\/h2>\n\n\n\n<h2 class=\"wp-block-heading\">Kunst og kultur styrkar l\u00e6ring<\/h2>\n\n\n\n<p>Barn l\u00e6rer betre n\u00e5r dei f\u00e5r utforske, skape og samarbeide. Det viser dei samla funna fr\u00e5 det store forskingsprosjektet Kunsten \u00e5 l\u00e6re. Kunsten \u00e5 l\u00e6re er eit internasjonalt prosjekt som har forska p\u00e5 kva som skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som l\u00e6ringsform p\u00e5 skulen. Dei samla funna fr\u00e5 forskingsprosjektet viser at kunst- og kulturintegrert undervisning i grunnskular i Noreg og Ungarn, kan styrke l\u00e6ringsmotivasjon, sj\u00f8lvregulering og fellesskap. <\/p>\n\n\n\n<p>Resultata vart presenterte under Kulturytring i Drammen i dag.<\/p>\n\n\n\n<h2 class=\"wp-block-heading\">Skulane \u00f8nsker vidaref\u00f8ring<\/h2>\n\n\n\n<p>Prosjektleiar for Kunsten \u00e5 l\u00e6re i Innlandet fylkeskommune, Marie Othilie Hundevadt er glad for endeleg \u00e5 kunne presentere resultata fr\u00e5 det fleir\u00e5rige prosjektet. Erfaringane fr\u00e5 prosjektet, er s\u00e5 gode at alle skular som har delteke \u00f8nsker \u00e5 vidaref\u00f8re undervisningsmetoden med kunst og kultur.<\/p>\n\n\n\n<p>\u2013 To skular i Innlandet har f\u00e5tt moglegheit s\u00e5 langt, gjennom vidaref\u00f8ringsprosjekt. Kunsten \u00e5 l\u00e6re dokumenterer at kunst og kultur ikkje er pynt p\u00e5 kaka, men grunnmuren i elevane si l\u00e6ring. Kunstbasert undervisning gjev motiverte, glade elevar og betre resultat. Og, er det ikkje akkurat det vi alle \u00f8nsker for barna v\u00e5re?, sp\u00f8r ho.<\/p>\n\n\n\n<h2 class=\"wp-block-heading\">Sentrale funn \u2013 meir engasjerte, sj\u00f8lvstendige og trygge elevar<\/h2>\n\n\n\n<p>Det er forskarar fr\u00e5 Universitetet i Innlandet som har gjennomf\u00f8rt unders\u00f8kingane i Noreg, og laga rapportane som no er klare.<\/p>\n\n\n\n<p>Studiet bygger p\u00e5 ei stor mengde intervju og observasjonar med l\u00e6rarar, rektorar, elevar, kunstnarar og f\u00f8resette, i tillegg til ein spelbasert digital test \u2013 Yellow-Red-testen \u2013 som m\u00e5ler kontrollfunksjonar hos barn i alderen 6\u201311 \u00e5r. <\/p>\n\n\n\n<p>Medan testen viste lik utvikling hos dei som hadde kunst og kultur i undervisninga og dei som ikkje hadde det, viste den andre delen av analysen fleire positive endringar hos dei elevane som deltok i prosjektet.<\/p>\n\n\n\n<p>\u2013 L\u00e6rarar, elevar og foreldre fortel at barna gradvis har g\u00e5tt fr\u00e5 \u00e5 s\u00f8ke etter det &#8220;riktige&#8221; svaret til \u00e5 ta eigne val, pr\u00f8ve ut nye l\u00f8ysingar og sj\u00e5 verdi i \u00e5 gjere feil som ein naturlig del av l\u00e6ringa. Denne endringa tyder p\u00e5 auka evne til sj\u00f8lvregulering, betre fokus og ein st\u00f8rre evne til \u00e5 tilpasse seg nye situasjonar.<\/p>\n\n\n\n<p>Det fortel Ulrika H\u00e5kansson som har leidd forskinga.<\/p>\n\n\n\n<h2 class=\"wp-block-heading\">Pr\u00f8ving og feiling gir meistring og samarbeid<\/h2>\n\n\n\n<p>Undervisninga var prega av opne oppg\u00e5ver der elevane fekk ta eigne val og l\u00e6re gjennom pr\u00f8ving og feiling. Ein av rektorane i studiet p\u00e5peikte at elevane blei flinke til \u00e5 kjenne att kvarandre sine styrkar og bruke desse i samarbeid. H\u00e5kansson stadfester dette synet:<\/p>\n\n\n\n<p>\u2013 Elevane vart meir sj\u00f8lvstendige, trygge og betre til \u00e5 samarbeide. Elevar som strevde i tradisjonell forstand, \u201cblomstra\u201d i det kreative milj\u00f8et.<\/p>\n\n\n\n<h2 class=\"wp-block-heading\">S\u00e6rleg utbytte for elevar som ofte fell utanfor<\/h2>\n\n\n\n<p>Analysen viser at barn fr\u00e5 l\u00e5ginntektsfamiliar, Rom-barn i Ungarn og elevar med ADHD har hatt s\u00e6rleg god nytte av den kunstbaserte undervisningsforma \u2013 forutsett at dei fekk st\u00f8tte og struktur.<\/p>\n\n\n\n<p>\u2013 Kunsten \u00e5 l\u00e6re bidreg til auka likskap og sosial inkludering i skulen, fortel H\u00e5kansson vidare.<\/p>\n\n\n\n<h2 class=\"wp-block-heading\">L\u00e6ring som varer \u2013 ogs\u00e5 utafor klasserommet<\/h2>\n\n\n\n<p>Foreldre i studiet melder om elevar som tek med seg interessa heim, delar kunnskap vidare og kjenner seg frie og trygge. Dei fortel at l\u00e6ringsopplevinga i prosjektet legg grunnlag for ein meir aktiv kvardag p\u00e5 og utanfor skulen.<\/p>\n\n\n\n<h2 class=\"wp-block-heading\">Utfordringar krev tilrettelegging<\/h2>\n\n\n\n<p>Prosjektet peikar p\u00e5 ei reell utfordring: elevar som treng meir f\u00f8reseieleg struktur m\u00e5 f\u00e5 tilpassa st\u00f8tte. I tillegg krev samarbeidet mellom l\u00e6rarar og kunstnarar god planlegging for at den kunstbaserte undervisningsmodellen skal fungere optimalt.<\/p>\n\n\n\n<h2 class=\"wp-block-heading\">Fakta om Kunsten \u00e5 l\u00e6re<\/h2>\n\n\n\n<p>\u2022 Kunsten \u00e5 l\u00e6re er eit internasjonalt prosjekt som har forska p\u00e5 kva som skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som l\u00e6ringsform p\u00e5 skulen.<\/p>\n\n\n\n<p>\u2022 Prosjektet er leia av Innlandet fylkeskommune i samarbeid med Universitetet iInnlandet og samarbeidspartnar T-Tudok i Ungarn og CCE i England.<\/p>\n\n\n\n<p>\u2022 Universitetet i Innlandet har gjennomf\u00f8rt forskinga i samarbeid med T-Tudok i Ungarn og har utarbeidd rapportane.<\/p>\n\n\n\n<p>\u2022 Prosjektet inneheld eit spesialdesigna undervisningsopplegg der l\u00e6rarar og kunstnarar har samarbeidd om \u00e5 gi elevane kunst og skulefag i kombinasjon, som ein del av \u00ablivet i skulen\u00bb over to \u00e5r.<\/p>\n\n\n\n<p>\u2022 Desse skulane var med i Noreg: F\u00e5set skole (Tynset), Tylldalen skole, (Tynset), Alvdal skole (Alvdal), J\u00f8rstadmoen skole (Lillehammer), S\u00f8re \u00c5l skole (Lillehammer), Aurvoll skole (\u00d8yer). I tillegg til tre skular i Ungarn.<\/p>\n\n\n\n<p>\u2022 Totalt har 644 elevar delteke i prosjektet. <\/p>\n\n\n\n<h2 class=\"wp-block-heading\">Har du sp\u00f8rsm\u00e5l, ta kontakt med:<\/h2>\n\n\n\n<p>Prosjektleiar Marie Othilie Hundevadt, <a href=\"tel: 40284305\">402 84 305<\/a> \/ <a href=\"mailto:marhun@innlandetfylke.no\">marhun@innlandetfylke.no<\/a> (for sp\u00f8rsm\u00e5l knytt til gjennomf\u00f8ring av prosjektet og vegen vidare)<\/p>\n\n\n\n<p>Forskingsansvarleg Ulrika H\u00e5kansson, telefon <a href=\"tel: 93049312\">930 49 312<\/a> \/ <a href=\"mailto:psykologulrika@outlook.com\">psykologulrika@outlook.com<\/a> (for sp\u00f8rsm\u00e5l knytt til forskinga og resultata)<\/p>\n\n\n\n<p><\/p>\n\n\n\n<div class=\"wp-block-buttons is-layout-flex wp-block-buttons-is-layout-flex\">\n<div class=\"wp-block-button\"><a class=\"wp-block-button__link wp-element-button\" href=\"https:\/\/kunstenalare.no\/\">Les meir om Kunsten \u00e5 l\u00e6re p\u00e5 prosjektets eigne sider&nbsp;<\/a><\/div>\n<\/div>\n\n\n\n<div data-wp-interactive=\"core\/file\" class=\"wp-block-file\"><object data-wp-bind--hidden=\"!state.hasPdfPreview\" hidden class=\"wp-block-file__embed\" data=\"https:\/\/cdn.denkulturelleskolesekken.no\/innlandet\/b180f1ee-intervention-design-report.pdf\" type=\"application\/pdf\" style=\"width:100%;height:600px\" aria-label=\"Embed of Intervention design report.\"><\/object><a id=\"wp-block-file--media-eb11e791-23f3-4c36-a409-235a3185e587\" href=\"https:\/\/cdn.denkulturelleskolesekken.no\/innlandet\/b180f1ee-intervention-design-report.pdf\">Intervention design report<\/a><a href=\"https:\/\/cdn.denkulturelleskolesekken.no\/innlandet\/b180f1ee-intervention-design-report.pdf\" class=\"wp-block-file__button wp-element-button\" download aria-describedby=\"wp-block-file--media-eb11e791-23f3-4c36-a409-235a3185e587\">Last ned rapporten her<\/a><\/div>\n\n\n\n<div data-wp-interactive=\"core\/file\" class=\"wp-block-file\"><object data-wp-bind--hidden=\"!state.hasPdfPreview\" hidden class=\"wp-block-file__embed\" data=\"https:\/\/cdn.denkulturelleskolesekken.no\/innlandet\/d5fc7e96-inn-oppdragsrapport-10-2025-digital-versjon.pdf\" type=\"application\/pdf\" style=\"width:100%;height:600px\" aria-label=\"Embed of INN-oppdragsrapport-10-2025-digital-versjon.\"><\/object><a id=\"wp-block-file--media-dfcd2410-c70e-4879-bf17-8037ff17eea9\" href=\"https:\/\/cdn.denkulturelleskolesekken.no\/innlandet\/d5fc7e96-inn-oppdragsrapport-10-2025-digital-versjon.pdf\">INN-oppdragsrapport-10-2025-digital-versjon<\/a><a href=\"https:\/\/cdn.denkulturelleskolesekken.no\/innlandet\/d5fc7e96-inn-oppdragsrapport-10-2025-digital-versjon.pdf\" class=\"wp-block-file__button wp-element-button\" download aria-describedby=\"wp-block-file--media-dfcd2410-c70e-4879-bf17-8037ff17eea9\">Last ned rapporten her <\/a><\/div>\n\n\n\n<h2 class=\"wp-block-heading\"><strong>M\u00e5lsettingar<\/strong>&nbsp;<\/h2>\n\n\n\n<p>Kunsten \u00e5 l\u00e6re har fleire m\u00e5lsettingar. Innanfor forsking er m\u00e5let \u00e5 f\u00e5 ei betre forst\u00e5ing for korleis kunstbasert l\u00e6ringsaktivitet kan styrke utviklinga av eksekutive funksjonar (EF), l\u00e6ring, motivasjon og meistring hj\u00e5 barn mellom seks og \u00e5tte \u00e5r. For skuleverket er prosjektet eit tilbod og eit verkt\u00f8y for l\u00e6rarar som ynskjer \u00e5 utvide sin pedagogiske og didaktiske kompetanse. Kunstfagleg er m\u00e5lsettinga \u00e5 synleggjere verdien kunst har for utvikling av eksekutive funksjonar, l\u00e6ring, trivsel, meistring og inkludering.&nbsp;&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p>Kunsten \u00e5 l\u00e6re viser kva rolle kunstnarar kan ha, og kva effekt kunst kan ha i skulen,\u202fog viser korleis kunstfagleg metodikk st\u00e5r st\u00f8tt \u00f2g utanfor kunsten sine eigne arenaer.&nbsp;&nbsp;&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<div class=\"wp-block-buttons is-layout-flex wp-block-buttons-is-layout-flex\">\n<div class=\"wp-block-button\"><a class=\"wp-block-button__link wp-element-button\" href=\"https:\/\/kunstenalare.no\/kvifor-kunsten-a-lare\/malsetting\/\">Les meir om m\u00e5lsettinga for prosjektet her<\/a><\/div>\n<\/div>\n\n\n\n<h2 class=\"wp-block-heading\"><strong>Undervisningsopplegga&nbsp;<\/strong>&nbsp;<\/h2>\n\n\n\n<p>Kunsten \u00e5 l\u00e6re sin pedagogiske plattform baserer seg p\u00e5 ein l\u00e6ringsteori kalla performativ l\u00e6ringsteori. Denne l\u00e6ringsteorien er underbygd av ei nevropsykologisk forst\u00e5ing av eksekutive funksjonar i hjernen. Kunsten \u00e5 l\u00e6re som pedagogisk metode tek utgangspunkt i den overordna l\u00e6ringsteorien.&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<div class=\"wp-block-buttons is-layout-flex wp-block-buttons-is-layout-flex\">\n<div class=\"wp-block-button\"><a class=\"wp-block-button__link wp-element-button\" href=\"https:\/\/kunstenalare.no\/undervisningsopplegg\/pedagogisk-plattform\/\">Les meir om den pedagogiske plattforma her<\/a><\/div>\n<\/div>\n\n\n\n<p>I prosjektet \u00abKunsten \u00e5 l\u00e6re 2021-2024\u00bb vart det utvikla 24 ulike tema, som undervisninga tok utgangspunkt i. Ei av dei heitte \u00abFormfangarar og er dokumentert i denne filmen:&nbsp;&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<div class=\"wp-block-buttons is-layout-flex wp-block-buttons-is-layout-flex\">\n<div class=\"wp-block-button\"><a class=\"wp-block-button__link wp-element-button\">Art of Learning &#8211; Shapefinders&nbsp;&nbsp;<\/a><\/div>\n<\/div>\n\n\n\n<p>Kunsten \u00e5 l\u00e6re har utvikla seg gjennom fleire \u00e5r og fleire prosjekt. Det er DKS Innlandet, seksjon i Innlandet fylkeskommune, som har hatt prosjektleiinga fr\u00e5 start.&nbsp;&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<div class=\"wp-block-buttons is-layout-flex wp-block-buttons-is-layout-flex\">\n<div class=\"wp-block-button\"><a class=\"wp-block-button__link wp-element-button\" href=\"https:\/\/kunstenalare.no\/kontakt-oss\/\">Kontakt oss &#8211; Kunsten \u00e5 l\u00e6re&nbsp;&nbsp;<\/a><\/div>\n<\/div>\n\n\n\n<p><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Kunst og kultur styrkar l\u00e6ring Barn l\u00e6rer betre n\u00e5r dei f\u00e5r utforske, skape og samarbeide. Det viser dei samla funna fr\u00e5 det store forskingsprosjektet Kunsten \u00e5 l\u00e6re. Kunsten \u00e5 l\u00e6re er eit internasjonalt prosjekt som har forska p\u00e5 kva som skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som l\u00e6ringsform p\u00e5 skulen. Dei [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":14,"featured_media":3323,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[2],"tags":[],"class_list":["post-3320","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-aktuelt"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.denkulturelleskolesekken.no\/innlandet\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3320","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.denkulturelleskolesekken.no\/innlandet\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.denkulturelleskolesekken.no\/innlandet\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.denkulturelleskolesekken.no\/innlandet\/wp-json\/wp\/v2\/users\/14"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.denkulturelleskolesekken.no\/innlandet\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3320"}],"version-history":[{"count":7,"href":"https:\/\/www.denkulturelleskolesekken.no\/innlandet\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3320\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3383,"href":"https:\/\/www.denkulturelleskolesekken.no\/innlandet\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/3320\/revisions\/3383"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.denkulturelleskolesekken.no\/innlandet\/wp-json\/wp\/v2\/media\/3323"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.denkulturelleskolesekken.no\/innlandet\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3320"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.denkulturelleskolesekken.no\/innlandet\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=3320"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.denkulturelleskolesekken.no\/innlandet\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=3320"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}