Reisebrev frå Ungarn

På tross av ulikskapar er òg mykje likt. Det fekk Kunsten å lære erfare på besøk hjå våre samarbeidspartnarar.

Fem lærarar frå Lillehammer, Tynset og Alvdal, to kunstnarar, ein prosjektleiar og to prosjektmedarbeidarar frå Innlandet fylkeskommune møtes på Gardermoen veka før haustferien.

Det er ikkje kvikk fiks å ta lærarar ut frå sin skulekvardag. Men vikarar er henta inn, slik at ein skal få delta på denne turen. Og kvifor det er verdt det, skal dette reisebrevet seie noko om.

Prosjektet Kunsten å lære møtes på refleksjonssamling i Ungarn oktober 2022. Representantar frå Norge, Ungarn og England. Foto: Mariann Bjelle.

Streik og demonstrasjonar 

Noko av det første vi blir merksame på, er situasjonen som dei ungarske lærarane står i, ikkje ulik vår eigen. Lærarstreiken i Noreg er akkurat avslutta etter tvungen lønnsnemnd. Utfallet vart ikkje slik lærarar håpa på. Og kvifor skriv vi om dette i reisebrevet?

I Ungarn møter vi nemleg lærarar som står midt i ein spent situasjon. Same ettermiddag som vi har hatt våre første møter og samtalar med prosjektskulane, skal lærarar ut på gata for å demonstrere.

Amália János er ein av over ti tusen lærarar, elevar og foreldre som blokkerer ei bru midt i Budapest sentrum for å vise sin støtte til lærarar som tener langt under gjennomsnittsløna. Ikkje berre det, mange lærarar har også mista jobben fordi dei har streika. Her har ein med andre ord eit system som ikkje verdset eller tek vare på yrkesgruppa, men som også viser maktdemonstrasjon ved å sparke folk som seier ifrå.

Desse forteljingane frå Ungarn, set ei interessant ramme for møta vi har saman desse dagane. Isen blir liksom broten med ein gang, ved at ein raskt får ei forståing for at ein står i liknande situasjonar i begge landa. Ein er i same båt, vere seg arbeidssituasjonen i landet eller prosjektet.

Læraren Amália János frå Barfta Primary School i Pecs , viser fram symbolet frå skuledemonstrasjonane oktober 2022. Foto: Anne Tove Mygland.

Ei mektig historie

Dagen etter demonstrasjonane, er Amália og hennar ungarske kollegaer attende i klasserommet og går laus på prosjektet som dei alltid gjer, kvar dag. Amália jobbar på barneskulen i byen Pesc, som ligg tre timar sør for Budapest, der dei andre prosjektskulane er.

På fleire av skulane i Ungarn må alle ha oppmøte før ordinær tid, når ein har Kunsten å lære-prosjekt. Det er nemleg ikkje inkludert i den vanlege skuletida. Den norske prosjektgruppa på tur må difor opp grytidlig for å rekke oppmøte tidsnok.

Trøtte andlet som møtes i drosjen, vert raskt endra til begeistra smil når synet av det ungarske presidentpalasset i morgonsol reiser seg på motsett side av Donau.

Ein får verkeleg føle på at ein er i eit anna land, med ei tung historisk bakgrunn, ved synet av det enorme palasset og fleire sentrale bygningar og monument.

Presidentpalasset i Budapest ein tidlig morgon oktober 2022. Foto: Mariann Bjelle.

Med bakgrunn i eventyra

Tilbake i klasseromma, både i Budapest og Pesc, er det tematikken einsemd som er på agendaen i Kunsten å lære denne veka. Temaet starta med at elevane kom på skulen ein dag og møtte eit kaotisk klasserom. Det hadde vore innbrot. Stolar og bord låg velta og fleire spor var synleg. Det var ganske skummelt. Kva hadde skjedd? 

Noreg er det eit troll som har vore på ferde, medan i Ungarn er det ein drage. Dette er knytt til sentrale eventyr frå begge landa. Grunnen til at denne skapningen har rota så fælt, er at den vil ha merksemd og trøyst. Den er nemleg veldig einsam og er trist på grunn av det.

Ungarsk klasserom slik det såg ut på starten av tema 14, einsemd. Foto: Prosjektgruppa i Ungarn.

I Iøpet av den to-veker lange perioden dette temaet går føre seg, skal elevane utforske temaet einsemd på fleire måtar. Dei skal bruke sin eigen kropp, sine sansar og sitt samspel med andre.

Dei skal uttrykke seg munnleg, skriftleg og kroppsleg om temaet. Dei skal òg lage kvar sin fysiske drage eller troll. På slutten av temaet er alle elevane vorte ekspertar i å gi råd, og skal overtyde skapningen om at den ikkje er aleine. Ein tematikk som er universell og som passar like godt i Ungarn som i Noreg.

Drage frå ei Kunsten å lære-økt i Ungarn. Foto: Mariann Bjelle.

Likt og ulikt

– Det var gøy å sjå den same entusiasmen i auga på dei ungarske elevane, som hjå dei norske, seier Ida Nordstrand Veskje. Ida er til dagleg lærar ved Sør-Ål barneskule på Lillehammer.

– Born er born, med den same gleda og engasjementet uansett land eller bakgrunn. 

Vidare fortel ho om fleire observasjonar ho gjorde seg.

– Det var interessant å sjå korleis dei i Ungarn klarar å skape den same magien med litt mindre ressursar enn vi har i Noreg. Det er ikkje alltid så mykje som skal til for å fange elevane. Dette har eg lært av i løpet av besøket, seier ho, «less is more», var det nokon som sa i eit møte, og det er eg einig i.

VeskjeIda Nordstrand Veskje, lærar og Diane Fisher-Naylor, CCE, i samtale om prosjektet Kunsten å lære. Foto: Mariann Bjelle.

Malin Kathrine Vik er kunstnar i prosjektet og la spesielt merke til korleis kunstnarane i Ungarn, som har bakgrunn frå visuell kunst la vekt på andre ting enn i Noreg, der dei har bakgrunn frå scenekunsten.

– Der vi i Noreg kanskje fokuserar på å bygge ordentleg opp under fiksjon og karakterar, observerte vi lærarar, kunstnarar og elevar i Ungarn som viste oss dei mest utrulege teikningar av dragar. Dette er jo naturlig, når ein inviterer kunstnarar inn i klasserommet, med sin bakgrunn.

Elevar på den ungarske skulen Mikszáth Kálmán primary School viser fram sine drageteikningar. Foto: Mariann Bjelle

Brevvenner på engelsk

Skulane i Norge og Ungarn har ikkje berre felles undervisningsopplegg kvar veke. Men i løpet av forrige tema, fekk alle elevane i oppgåve å skrive eit brev på engelsk, til kvar sin utanlandske brevvenn.

– Noko av det eg likte aller best frå møta med ungarske elevar, var å fysisk kunne overrekke nydelege engelske brev frå dei norske elevane. Reaksjonane deira var så fine, dei vart så glade. Når vi kjem attende til klassane etter haustferien har vi så mykje å fortelje og dele med elevane og klassane våre, seier kunstnaren Malin på Søre-Ål skule. 

Kunstnar Adrian Taxth Skrattegård overrekker brev frå elevar ved Aurvoll skule, til lærar og kunstnar ved Mikszáth Kálmán School i Budapest. Foto: Mariann Bjelle.

Eit heilt unikt forskingsarbeid

– Det er ingen andre i heile verda som gjer eit så intenst forskingsarbeid i skulen, som de gjer her, ljomar det på klingande engelsk i ein teatersal sentralt i Budapest.

Vi er kome til den siste dagen, og alle lærarar, kunstnarar og andre prosjektdeltakarar møtes til ei felles refleksjonsøkt. Her skal erfaring utvekslast og prosjektet evaluerast.

Ein skal analysere innsatsen ein gjer i klasseromma og kome med attendemeldingar til korleis prosjektet kan bli endå betre. Det er Diane Fisher-Naylor som er ansvarleg for denne siste og viktige økta. Ho jobbar ved CCE, Creativ Culture and Education og har årelang erfaring frå kunst og kulturprosjekt i skular rundt om i heile verda. 

Ho seier at det per dags dato ikkje er kjent at det går føre seg eit like stort forskingsprosjekt på grunnskulenivå. Eit prosjekt som utviklar unike undervisningsopplegg, testar det på eit så stort grunnlag av elevar, i to ulike land, over så lang tid. Unikt er det også at ein gjer forsking av denne typen, som skal sei noko om kva effekt kreative læringsmetodar har på hjernen si utvikling.

– I refleksjonane med lærarane frå Ungarn var det interessant å høyre at dei hadde akkurat dei same utfordringane som oss, seier Ida Nordstrand Veskje.

– Vi har like tankar om kva som kan bli betre og kva som har gått veldig bra. Nokre lærarar var meir engasjerte enn andre og la meir vekt på prosjektet i kvardagen sin. Akkurat det same opplev vi hjå oss også.

– Etter å ha vore i Ungarn og besøkt skulane, snakka med dei ungarske lærarane og ikkje minst hatt mange gode refleksjonar med andre frå Noreg, har eg fått ny giv og glød for Kunsten å lære, seier Ida. 

Diane Fisher-Naylor frå Creativity Culture and Education. I bakgrunnen Szilvia Nemeth T-Tudok. Foto: Mariann Bjelle.

Med fortida som kulisse for framtida

Når alle skulebesøka og møta er gjort unna, har den norske gruppa ein siste kveld i Budapest. Her kunne vi gått kvar for oss og pusta ut etter nokre intensive dagar. Men i staden for er det no vi verkeleg får tid saman til å snakke om verdien av eit besøk hjå samarbeidspartane våre.

Midt i kulissane til det kjente området slottshøgda i Budapest, sit vi saman på ein restaurant og ser inn i framtida. Det er enda ein gang eit historisk interessant bakteppe som dannar ramma. Dette området som husar bygningar heilt attende til 1200-talet, og som med stadige gjenoppbyggingar etter uro og krigar, vitnar om ein verdsdel som har opplevd mykje konflikt.

Ida Norstrand Veskje t.v. og andre lærarar og kunstnarar på refleksjonsmøte i Ungarn. Foto: Mariann Bjelle

Born og unge er framtida

Kunsten å lære er eit prosjekt som går langt ut over vår eiga grense. Det er både denne kvelden, turen og prosjektet i si heilskap eksemplar på. At Ungarn er eit av nabolanda til Ukraina, med ein statsleiar som for tiden er god ven med Putin, gjer òg at vi kjem tett på utviklinga i verda. 

– Born og unge er framtida vår. Det er dei som skal møte den verda vi skal inn i. Det samfunnet vi har påverkar born og unge sine oppvekstvilkår. Prosjektleiar Marie Othilie Hundevadt er engasjert når ho snakkar med prosjektgruppa si.

– Kva tenkjer vi om prosjektet etter ein slik tur, og korleis kan dette vere eit bidrag til skule i framtida, spør Marie til gruppa rundt bordet på slottshøgda. 

 Frå venstre; Anita Kaderják, Marie O. Hundevadt og Szilárd Dézsi. Foto: Mariann Bjelle. 

Saman er ein sterkare

Forslaga kjem på løypande band. Det er ingen som snakkar om kva avgrensingar og hindringar eit slikt prosjekt kan ha. I kveld er det mogelegheiter og viktigheita av prosjektet som er i fokus.

– Kunsten å lære, ved å vere eit internasjonalt prosjekt, kan saman med Ungarn, men også fleire utanlandske partnarar, prøve ut kunstfaglege undervisningsformer for framtida. Saman er ein sterkare og vil kunne få eit djupare og breiare sett av erfaringar, vert det sagt frå fleire. 

– Vi kunstnarane og lærarane som har vore gjennom eit så stort prosjekt, vil kunne vere ei ressursgruppe i Noreg. Vi kan brukast til å fortelje om prosjektet, til å halde kurs og vere med på planlegging av enda fleire undervisningsøkter.

– Vi må også framheve samarbeidet mellom kunstnarar og lærarar, kjem det fram, dette er viktig. 

– Prosjektet kan auke tilgangen på kunst i skulen og forskinga kan gi betre forståing for korleis kunst kan vere med på å styrke borna si læring. Dette er spanande å få vere ein del av. 

Prosjektleiar Marie Othilie Hundevadt er veldig nøgd med turen.

– Vi har store kunstfaglege og utdanningspolitiske mål med prosjektet. Men først og fremst skal vi sikre at det vi gjer her og no, skal vere så bra som mogeleg. Då er det viktig med turar som denne, som gir oss tid til å evaluere oss sjølve. I tillegg gir det eit auka samhald og ein positiv energi inn i gruppa. Det føler eg verkeleg vi fekk til med eit besøk hjå samarbeidspartnarane i Ungarn, avsluttar Marie, før reisefølget går vidare ut i natta. 

Statue på toppen av slottshøgda i Budapest. Foto: Mariann Bjelle