Kunsten å lære!

Kunsten å lære forsker på om kunstnerisk utfoldelse kan styrke barns læringsevne

– Vi skal finne ut kva som skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som læringsform på skulen, seier prosjektleiar Marie Othilie Hundevadt ved seksjon for Den kulturelle skolesekken i Innlandet. Kunsten å lære set i gang ved skulestart på 10 utvalde barneskular i Innlandet.

Over to skuleår skal elevar frå Innlandet ha kunst og kultur som ein integrert del av sin skulekvardag. Skulane får ein kunstnar inn som ein del av staben over to skuleår, og elevane skal i prosjektperioda ha tre økter a 90 min kvar veke med Kunsten å lære-aktivitetar.

– Kunsten å lære-aktivitetar er aktivitetar der elevane er aktive og skapande saman, og der dei jobbar med innhald henta frå ulike fag i Fagfornyinga, innanfor ein kunst- og kulturramme, seier Hundevadt.

Dei skal altså ikkje ha kunst og deretter andre skulefag, men dei skal jobbe med skule gjennom kunstnariske metoder.  

Skal forske på hjernen sin læringsevne

Før, undervegs og etter Kunsten å lære, skal forskarane teste dei såkalla eksekutive funksjonane i hjernen til elevane. – Dette er funksjonar som styrer merksemd, impulskontroll og evnen til å ha fleire tankar i hovudet samstundes, og som vi veit er viktigare for akademisk suksess enn IQ, seier Ulrika Håkansson, førsteamanuensis ved Høgskolen i Innlandet og ansvarleg for forskinga i prosjektet.

– Vi byggjer eksekutive funksjonar i hjernen vi gjennom livet, og prosjektet skal teste det forskarar no meiner er sannsynleg, nemleg at det å arbeide med ulike formar for kunst styrker nettopp desse funksjonane i hjernen.

Kan auke kunsten sin status i skulen

Dersom forskinga på Kunsten å lære viser at kunst har beviseleg positiv effekt på hjernen, kan det koma til å få innverknad på kunsten sin status i skulen, trur prosjektleiar Hundevadt, og det meiner ho er på høg tid. -Kunst og kultur har fått mindre og mindre plass i skulen, og for å snu denne trenden treng kunst- og kulturfeltet forsking som også vert anerkjent utanfor eige fagfelt.

Skulane får moglegheit til å prioritere kunst

Aurvoll skole i Øyer kommune er ein av skulane som skal ta del i Kunsten å lære. Rektor Lars Høglien seier at dei no endeleg får moglegheit til å prioritere kunst i skulekvardagen, noko det tidlegare har vore vanskeleg å få til.  Dei andre skulane i Innlandet som skal ta del i prosjektet er Tylldalen og Fåset (Tynset), Alvdal, Søre Ål og Jørstadmoen (Lillehammer). I tillegg vil skulane Kvikne (Tynset), Vingelen (Tolga), Odnes (Søndre Land), Røyslimoen (Lillehammer) og Solvang (Øyer) delta som kontrollskular.

Internasjonalt prosjekt

Forutan støtte frå Sparebankstiftelsen DnB, Innlandet fylkeskommune og Kulturtanken, er også prosjektet delfinansiert av EU Erasmus +. Det europeiske samarbeidet inneber at også elevar ved fem skuler i Ungarn skal ha Kunsten å lære, parallelt med elevane på barneskulane i Innlandet. Creativity, Culture and Education frå England er også med og utvikler saman med DKS i Innlandet innhaldet i Kunsten å lære-aktivitetane.

Fekk overveldande resultat i forskingspilot

-Vi såg at elevane som hadde hatt kunst og kultur som ein del av kvardagen sin, utvikla ein del av hjernen som er vesentleg for læring, raskare enn elevar som hadde ordinær undervisning, forklarer Hundevadt. –Piloten varte berre i 12 veker, og at vi skulle få tydelege funn etter så kort tid var overveldande».

Vil du fylgja Kunsten å lære og lesa meir om prosjektet? Gå inn på hjemmesiden på www.kunstenalare.no