Inn i Noregs eldste is

Etter ein vår med mykje utyggleik bestemte DKS Innlandet saman med Klimaparken 2469 seg for å køyre dei planlagde DKS turane. Med litt ekstra omsyn, god organisering og innøvde reglar kring avstand gjekk det bra! Tidleg i juni fekk dermed fleire videregående skular teke turen til Klimapark 2469 for å oppleva høgfjellet.

Kva er Klimapark 2469 og kvifor DKS her?

Klimaparken ligg på Juvflye i Lom kommune, ved foten av Jotunheimen nasjonalpark ca. 1850 moh. Klimaparken er ein forskings og formidlingsarena der ein direkte kan sjå, lære og oppleva korleis naturen svarar på vêr og klimaendringar som skjer i høgfjellet. Målet er å formidle kunnskap om høgfjellsnatur, klimaendringar og kulturminne i eit langtidsperspektiv.

Sjølve turen startar frå Juvasshytta like ved Galdhøpiggen og går over den kilometerlange turen langs gangbana over Juvflye. Her er det tilrettelagt med gangbane, steintrapp/stig og informasjonspunkt

Klimaparken skal bidra til brei og god forståing kring samanhengane i naturen og forholdet mellom natur og menneskje. Auka kunnskap og formidling av denne gjev oss eit betre grunnlag for klimavennlege og berekraftige val og handlingar nå og inn i framtida.

I Klimaparken ligg det eit enormt potensial for læring, og for elevane er dette ein mogleik til å oppleva eit klasserom utanom det vanlege. Område gjev gode høve for formidling basert på direkte praktisk og situasjonsbasert læring

Kulturarv i DKS

Bilede av ei rekonstruksjon av ei buestilling. Her jakta ein for fleire tusen år sia.

Besøket i Klimaparken går for å vera ein kulturarvsproduksjon i den kulturelle skulesekken. Breane i verda trekkar seg tilbake og smeltar, det veit vi. At ein kan skulda menneske for ei rekke klimaendringar veit vi også. Kulturarv er arven etter menneska sitt levesett og virke – og ein kan slik seie at menneskeskapte klimaendringar er ein kulturarv med bismak. Eit besøk til Klimapark 2469 famnar slik fleire aspekt av vår kulturarv og historie.

Noregs eldste is

Her ser ein livstreeet Yggdrasil hugga inn i istunellen. Kunstnaren Peder Istad har vore hovudarkitekt og stått for utforming og lyssetting.
Dyktig og kunnskapsrik fjellguide fortel om permafrost på fjellet.

Hovudattraksjonen i Klimaparken er ein istunnel som er hogd ut for hand i Juvfonne. Her inne kan elevane gå heilt inn til botn av fonna, inn til Noregs eldste is, som er over 7000 år gammal. Tunnelen er forma med gangar og ulike rom og det er laga kinosal med 40 sitteplassar.

Ein strålande dag i fjellet

Klimaparken ligg i eit høgalpint område og det er store variasjonar i vêret. Vindkastane har faktisk vore oppe i heile 64,7 m/s på målestasjonen Juvvasshøe – mykje vêr kan ein sei. At elevane kler seg godt er eit absolutt must – vanlegvis i alle fall. Akkurat denne dagen var vi velsigna med strålande ver.

For dei som ikkje fekk med seg Klimaparken inneværande skoleår, så kjem det ein ny sjanse neste skoleår.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *