Smittefri Bukkene Bruse

Smittefri Bukkene Bruse begynner på over 60 skoler i Innlandet

Det var en gang tre bukker som het bukkene Bruse. De hadde fått et brev om at de måtte begynne på skolen. “Bokene Bruse må byne på skolen hilsn ny rektor”

Slik starter boka og produksjonen Bukkene Bruse begynner på skolen som 1. og 2. klassingane på over 60 skuler snart får på digitalt besøk. Dei fysiske forfatterbesøka har vorte avlyste grunna koronaviruset. Men kanskje klarer forfattaren og den nye rektoren å etterlate seg litt trolsk stemning rundt om i fylket likevel?

Av Marie Othilie Hundevadt, Produsent for litteratur i DKS Innlandet

Når Bjørn Rørvik dukkar opp på skjermen i godt over 100 klasserom 18. – 22. mai får elevane høyre og sjå forfattaren med si leikne og særeigne forteljarstemme formidle historia om bukkane sin kamp mot det som viser seg å vera ein skrekkinngytande rektor. Filmen er spelt inn og klipt saman profesjonelt for ei best mogleg digital leseoppleving.

– Veit dere hvem dere skal passe dere for? sa de.

– Den nye rektoren!

– Hvorfor det? spurte Bukkene Bruse.

– Han tar de minste elevene, sa den ene.

– Han spiser førsteklassinger, gliste den andre.

Trolsk humor over heile skulen

“Bukkene Bruse er veldig aktuelt i 1. klasse, dette er slik humor dei likar”, seier Audny Bakken, 1. klasselærar ved Lesja barneskule. Ho ser fram til trollverkstad med elevane sine. For umiddelbart etter høgtlesinga set elevane i gang med troll-verkstad i klasserommet. Forfattaren viser elevane korleis dei med enkle grep, og med trolldetaljer frå illustratør Gry Moursund, kan lage skikkeleg skrekkelege og kule troll dei kan hengje opp på skulen.

Spesielle tider krever spesielle DKS-produksjoner

Sjølv om det ikkje forfattaren kjem på besøk akkurat denne gongen, er det særs positivt å kunne gje elevane andre impulser og inspirasjon i kvardagen. Det er viktig“, seier Hilde Vestgaard, lærar for 2. trinn på Vang barne- og undomsskole i Valdres.

“Vi veit at skolene set pris på kunst- og kulturtilbod frå oss”. Koordinator for DKS i Innlandet er glad for å kunne tilby kunst og kultur til skulene også i dene spesielle tida. “Det er forfriskande å måtte tenkje nytt i formidlinga av kunst og kultur, og vi lærer mykje nytt som vi kan ta med oss vidare“, seier koordinator for DKS i Innlandet Elin Bjørnstad avslutningsvis.