Prosjekt Opera: Rusalka (haust 2021)

arrow_back Produksjoner

Bli kjent med operasjangeren generelt, og operaen Rusalka spesielt! To unge songarar tilbyr to timars hurtigkurs for 5.-10. trinn.

Deretter får elevane kome til Grieghallen for å sjå heile generalprøven.

Tenoren og rockegitaristen Stian Økland reiser ut til grunnskular i Bergen kommune saman med sopranen Martina Starr-Lassen i veke 39 og 40 for å guide elevane ved hjelp av musikk, historier og song. I løpet av to skuletimar kan elevane bli kjende med operasjangeren generelt, og eventyroperaen Rusalka spesielt. Deretter får elevane får kome til Grieghallen og oppleve heile generalprøven 21. oktober.

Dei to operapedagogane vil på ein underhaldande måte presentere tematikk og karakterar i operaen Rusalka, pluss la elevane bli litt betre kjent med den tsjekkiske komponisten Antonín Dvořák (1841-1904) og samtida hans. I løpet av desse to skuletimane vil elevane også bli aktiviserte med nokre leikande og praktiske utfordringar.

Les meir om dei to operapedagogane her:

https://bno.no/mennesker/martina-starr-lassen

https://bno.no/mennesker/stian-okland

Rusalka er i utgangspunktet ein eventyropera, med historia om vassnymfa Rusalka og ein menneskeleg prins som blir forelska, men som på grunn av ei forbanning ikkje kan få kvarandre utan at prinsen døyr. Operaen er m.a. inspirert av H.C. Andersens historie om "Den lille havfrue".

 

 

 


Nyttig informasjon

keyboard_arrow_down

Varighet

2 timer

Behov for bærehjelp eller annen lokal hjelp

Det trengst et lydanlegg med minijack-tilkobling

Sted

Se kalender

Maks publikumsantall

30

Oppriggingstid

15 minutter

Nedriggingstid

10 minutter

Arena/rom

Klasserom eller lignende

Antall utøvere

2

Trenger scene

Nei

Trenger blending

Nei

Trenger el-uttak

Nei

Ønsker til lokal arena

I første del av inspirasjonskurset treng dei to operapedagogene eit stort rom, gjerne klasserom, som er rydda og der stolane står i hestesko framfor tavla. I tillegg er ca. 3 grupperom en fordel, fordi i siste del av kurset blir elevene delt opp i mindre grupper for praktiske øvingar.

Tilbodet i "Prosjekt Opera" er i to deler: Først eit to timars inspirasjonskurs som gir ei innføring i operasjangeren for elevane, og deretter nokre dagar/veker seinare: Heile generalprøven på haustens store opera i Grieghallen i Bergen.

1) Inspirasjonskurset på skulen: To operapedagoger frå Bergen Nasjonale Opera kjem på besøk til skulen og møter elevane i klasse/gruppevis (helst maks. 30 elever per kurs). Det kan gjennomførast maks. to ulike kurs på same skule per dag.

Dei to erfarne operapedagogane vil på ein underhaldande måte presentere tematikk og karakterar i operaen Rusalka, pluss la elevane bli litt betre kjent med komponisten Antonín Dvořák (1841-1904) og samtida hans. I løpet av dette inspirasjonskurset vil elevene også bli aktiviserte med nokre leikande og praktiske utfordringar.  

Utanforskap som tema: Rusalka er i utgangspunktet ein eventyr-opera, med historia om vassnymfa Rusalka og ein prins som blir forelska, men som pga ei forbanning ikkje kan få kvarandre utan at prinsen døyr. Operaen er m.a. inspirert av H.C. Andersens "Den lille havfrue". Bergen Nasjonale Opera planlegg å tematisere utanforskap i oppsetjinga av Rusalka i Grieghallen, dermed kan dette også bli eit sentralt tema på inspirasjonskursa, der elevane kan vere med å diskutere.

2) Generalprøve på Rusalka i Grieghallen: Med inspirasjonskurset som grunnlag får elevene deretter oppleve heile generalprøven på operaen Rusalka i Grieghallen torsdag 21. oktober 2021 kl 11:00. Elevane får altså ein eksklusiv sjanse til å sjå framsyninga før det vanlege publikummet. Rusalka varer cirka 3 timar, inkludert 30 minutt pause. 

Rusalka blir framført på originalspråket tjekkisk, men blir teksta på norsk over scenen – som elles i våre forestillingar.

Målsettingar for "Prosjekt Opera" (generell info.): 

  • Å gi elevane ei innføring i opera som sjanger og førebu dei til å oppleve operaen i Grieghallen.
  • Å gi elevane eit utgangspunkt for å diskutere enkelte allmenn-menneskelege tema som vi møter i operaen. 
  • Å gjere elevane nysgjerrige, slik at dei skal få lyst til å besøkje andre operaforestillingar i framtida. 

Bergen Nasjonale Opera engasjerer årleg fleire tusen barn og unge, både i grunnskulen og i vidaregåande skular. Vi vil at barn og unge skal oppleve at opera er ei levande kunstform som også vedkjem dei. Vi trur at aktiv deltaking er den beste måten å bli kjend med opera på. Difor inviterer vi barn og unge til å delta i skapande prosessar saman med operapedagogane våre. Gjennom deltaking i BNOs prosjekt, vil barn og unge få auka kunnskap, sjølvkjensle, sjølvinnsikt og tryggleik.  På den måten kan også prosjekta bidra til allmenn utvikling hos barna. 

Operaopplevinga vil også kunne inspirere til interessante opplegg i etterkant, f.eks. i fag som musikk, historie og litteratur. 

Utøvere og produsenter

keyboard_arrow_down

Arrangert av

Bergen kommune

Produsert av

Utøvere

Stian Økland

Martina Starr-Lassen

Andre medvirkende

2 operapedagogar 

Gruppenavn

Bergen Nasjonale Opera

Idé/opplegg

Om kunstner / utøver / gruppe

Kontakt

keyboard_arrow_down

Kontaktperson i Den kulturelle skolesekken

Ansvarlig planlegger/turnéansvarlig

Solveig Lavik, tlf: +47 920 63 511, e-post: solveig.lavik@bergen.kommune.no

Produsent/fagansvarlig

Kontaktperson utøver

Møyfrid Engeset, tlf: +47 452 24 511, e-post: moyfrid@bno.no

Olaf Mackenzie, tlf: , e-post:

Eivind Gullberg Jensen, tlf: +47 920 49 206, e-post: eivind@bno.no

Olaf Mackenzie, tlf: +47 971 02 670, e-post: olaf@bno.no

Stian Økland, tlf: +47 926 86 630, e-post: stian.okland@gmail.com

Martina Starr-Lassen, tlf: +47 971 80 590, e-post: mstarrlassen@yahoo.no