NASJONAL SATSING PÅ KUNST OG KULTUR TIL ALLE ELEVAR

Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle skuleelevar i Noreg får møte profesjonell kunst og kultur av alle slag. Den kulturelle skulesekken er eit samarbeidsprosjekt mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Kulturtanken (tidl. Rikskonsertane) fekk i 2016 det nasjonale ansvaret for ordninga.

Elevane og skulane skal gjennom ordninga få moglegheit til å oppleve, gjere seg kjende med og utvikle forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk av alle slag. Kulturtilboda skal vere av høg kvalitet, og vise heile breidda av kulturuttrykk:

  • Scenekunst
  • Visuell kunst
  • Musikk
  • Film
  • Litteratur
  • Kulturarv

Den kulturelle skulesekken har vore ein del av regjeringa si kulturpolitiske satsing for grunnskulen sidan 2001, og har etter kvart blitt utvida til vidaregåande skule. Dette betyr at alle elevar – frå 1. til 10. trinn på grunnskulen, og frå 1. til 3. trinn på vidaregåande – innlemmast i ordninga.

Organisering
Den kulturelle skulesekken er eit samarbeidsprosjekt mellom kultur- og opplæringssektoren på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå, og omfattar alle skular i Noreg. Fylkeskommunen er ansvarleg for koordineringa regionalt, men kommunane har også moglegheita til å utvikle sine eigne program. Det er stor variasjon i korleis skulesekken blir organisert på regionalt og lokalt nivå.

Kulturtanken er nasjonal etat med ansvar for å forvalte, kvalitetssikre og utvikle ordninga på nasjonalt nivå, og fordeler spelemidla. Mandatet for Kulturtanken kan du lese her: Mandat for ny nasjonal enhet for Den kulturelle skolesekken

Økonomi
Den kulturelle skulesekken blir finansiert av spelemiddel, etter at overskotet frå Norsk Tipping er fordelt på vårparten. I 2017 var summen 270 millionar kroner.

Midla fordelast av Kulturtanken til fylkeskommunane etter ein fordelingsnøkkel som tek omsyn til geografi, demografi og infrastruktur. Ein tredjedel av midla går direkte ut til kommunane, ein tredjedel forvaltast av fylkeskommunane, og den siste tredjedelen er fri til å fordelast av fylkeskommunen.

I nokre fylker er det også store kommunar som mottek heile potten uten fordeling via fylkeskommunen. Desse blir kalla for direktekommunar. Dette er kommunar som sjølv har valt å ta heile ansvaret for administrering av skulesekken. I dag er det tolv kommunar.
Sjå oversikt her.

Alle spelemidla skal gå til kunst og kultur. Fylker og kommunar tek difor hand om administrasjonen sjølv, i tillegg til at mange også legg i ekstra middel til produksjon av kunst og kultur. Den samla økonomien til Den kulturelle skulesekken er difor langt større enn potten med spelemiddel.

Korleis turnere i Skolesekken?
Alle som vil på turné i Den kulturelle skolesekken må søke til ein fylkeskommune, eller til ein direktekommune. Nokre av desse har satt av produksjonsmiddel og kan produsere forskjellige kunst- og kulturtilbod. Andre er reine bestillarar.

Kven er ansvarleg for innhald?
Det finst nasjonale, regionale og lokale produserande aktørar som nyttjast i bookinga av DKS-program i fylker og kommunar. Nasjonale formidlarar, som Scenekunstbruket (dans og teater), Nasjonalmuseet (visuell kunst) og Norsk Forfattersentrum (litteratur), tilbyr kvalitetsprogram innan sine felt til booking. I tillegg jobbar dei med å sikre kvalitet, og tilbyr kompetansehevande kursing for utøvarar og formidlarar i DKS.

Det finst ei rekkje regionale, lokale og uavhengige aktørar som produserer innhald (program, forestillingar, utstillingar) til Den kulturelle skulesekken, til dømes filmprodusentar, lokale teaterhus, orkester, museum, samt kunstnarar frå det frie feltet: Musikarar, teatergrupper, forfattarar, og så vidare. I tillegg har nokre fylkeskommuner og kommuner eigne middel til å produsere innhald til DKS.

Booking og programmering skjer i DKS-administrasjonen i kvart enkelt fylke, eller i dei såkalla deirekte-kommunane. Sjå overikta her

 

MÅL OG PRINSIPP FOR ORDNINGA ER FORMULERT I STORTINGSMELDING NR 8 - "KULTURELL SKULESEKK FOR FRAMTIDA"

Måla for Den kulturelle skulesekken skal vere:

  • Å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod
  • Å leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag
  • Å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål


Prinsipp for ordninga:
Den kulturelle skulesekken skal utformast og uavlateleg vurderast ut frå eit sett med prinsipp for ordninga:

  • Varig ordning: Den kulturelle skulesekken skal vere ei varig ordning for elevar i skulen.
  • For alle elevar: Den kulturelle skulesekken skal femne om alle elevar i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa, uavhengig av kva skule dei går på og kva økonomisk, sosial, etnisk og religiøs bakgrunn dei har.
  • Realisere mål i læreplanverket: Innhaldet i kunst- og kulturtilboda i Den kulturelle skulesekken skal medverke til å realisere skulen sine mål slik dei kjem til uttrykk i den generelle delen i læreplanverket og i dei ulike læreplanane.
  • Høg kvalitet: Elevane skal møte profesjonelle kunst- og kulturtilbod med høg kunstnarleg kvalitet.
  • Kulturelt mangfald: Den kulturelle skulesekken skal omfatte ulike kunst- og kulturuttrykk med røter i eit mangfald av kulturar og frå ulike tidsperiodar.
  • Breidde: Både musikk, scenekunst, visuell kunst, film, litteratur og kulturarv skal vere representerte i Den kulturelle skulesekken. Det skal vere variasjon i formidlingsmåtane.
  • Regularitet: Elevane skal sikrast eit regelmessig tilbod på alle klassetrinn.
  • Samarbeid kultur–skule: Arbeidet med Den kulturelle skulesekken skal skje i eit godt samarbeid mellom kultur- og opplæringssektoren på alle nivå. Det skal sikrast god forankring og tid til planlegging i skulen.
  • Rollefordeling kultur–skule: Opplæringssektoren har ansvaret for å leggje føre- og etterarbeid pedagogisk til rette for elevane, medan kultursektoren har ansvaret for kulturinnhaldet i Den kulturelle skulesekken og for å informere om innhaldet i god tid.
  • Lokal forankring og eigarskap: Den kulturelle skulesekken må forankrast lokalt, i den enkelte skulen, kommunen og fylket. Dette sikrar lokal entusiasme og gjev rom for mange lokale variantar, slik at alle skal kunne kjenne eigarskap til Den kulturelle skulesekken

Les meir i Stortingsmelding nr. 8 (2007-2008): "Kulturell skulesekk for framtida"