Ådne Sekkelsten ved roret i arbeidet med ny DKS-etat

Ådne Sekkelsten er frå 1. februar tilsett i eit tre månaders engasjement som fungerande direktør for Rikskonsertane. Ådne kjem inn i organisasjonen i ein viktig fase i endringsprosessen på vegen mot etableringa av ein etat for Den kulturelle skulesekken.

- Eg har stor motivasjon for oppgåva! Den kulturelle skulesekken handlar om å gje barn og unge gode kunstopplevingar og erfaringar. Eg gler meg til å vera med på å gjera DKS til ei god ordning for alle kunstuttrykka i ordninga, seier Ådne som skreiv under tilsettingsavtalen torsdag 28.01 og starta i ny jobb 4 dagar seinare.

Ådne har fått permisjon frå stillinga som dagleg leiar for Scenekunstbruket. Han har vore ein viktig samtalepartnar for både Rikskonsertane ogKulturdepartementet gjennom det siste året, og er godt kjent med omstillinga Den kulturelle skulesekken og Rikskonsertane er inne i. 

- Ådne er særs kompetent og kjenner DKS og alle dei involverte aktørane i ordninga godt gjennom arbeidet med Scenekunstbruket. Han vil gå inn i omlegginga med stort engasjement, og har høg kredibilitet i alle delar av DKS. Med sin bakgrunn som profesjonell skodespelar og mangeårig entusiastisk forkjempar for formidling av profesjonell scenekunst til barn og unge, tilfører Ådne umiddelbart ny verdifull kompetanse til arbeidet. Hans store kontaktnett i det institusjonelle kulturfeltet vil også vera av verdi, seier fungerande ekspedisjonssjef, Øystein Strand i Kulturdepartementet.

Åse Ryvarden kjem til å fortsetta som assisterande direktør i 50% stilling for Rikskonsertane og 50% stilling for Riksteatret, til ho går over i ny jobb ved Den Norske Teatret i april.
- Saman med eksisterande leiargruppe gjev dette samla sett tilstrekkeleg med leiarkraft for Rikskonsertane i denne potensielt krevjande mellomperioden fram til ny direktør er på plass, seier Øystein Strand i Kulturdepartementet.

 

Kort om Ådne:

· Sekkelsten har følgt arbeidet med og utviklinga av DKS nøye sidan starten i 2001.

· Sidan 1998 har Sekkelsten vore med på å byggje opp Scenekunstbruket til å verte den største formidlaren av scenekunst for barn og unge i Noreg. Scenekunstbruket er ein sterk fagleg aktør innan formidling av scenekunst, og er også den nasjonale aktøren for scenekunst i Den kulturelle skulesekken.

· Gjennom Scenekunstbruket etablerte Sekkelsten scenekunstfestivalen Showbox i 2005. Han er kunstnerisk leiar for festivalen.

· Utdanna skodespelar, i tillegg til utdanning innan teatervitenskap (UiO) og leiing/kulturleiing (BI).

· Har arbeida i om lag 10 år som skodespelar, instruktør og produsent innan teater og film.

· Fødd 1967