FOR UTØVARAR

Det finnst førebels ikkje ein samla stad å søke midlar til produksjonar i Den kulturelle skulesekken.

Nokre av dei nasjonale kunstformidlingsinstitusjonane disponerer søkbare midlar, og/eller tilbyr kurs og rettleiing. Ta direkte kontakt med dei her: LitteraturbruketScenekunstbruket og Nasjonalmuseet

Fylkeskommunane disponerer ein stor del av midla, og nokre har også søkbare midlar. Sjå søknadsfristar lenger ned på sida. Dersom du lurer på om din idé eller produksjon egner seg for skulesekken kan du ta kontakt med dei fylka eller kommunane du ønskjer å turnere i. Ei oversikt over fylkeskommunane og kommunane (såkalla 100 %-kommunar, eller direktekommunar) finn du her.

INNMELDING AV PRODUKSJONAR

På grunn av stort planleggjingsbehov opererer mange fylkeskommunar no med ein frist for innmelding av tilbod fra kunstnere og utøvere. Nedanfor finn du oversikt over dei ulike fylkeskommunane og kommunane. Det må søkjast til kvar enkelt fylkeskommune og 100 %-kommune.

Søknadsfristar
Mange kommunar og fylkeskommunar har same søknadsfrist kvart år.

  • Løpande frist: Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag, Sogn og Fjordane
  • 15. januar: Karmøy
  • 1. februar: Vestfold
  • 15. februar: Tromsø
  • 1. mars: Alta
  • 1. september: Hedmark, Østfold
  • 15. september: Akershus
  • 1. oktober: Buskerud (vgs), Hordaland, Telemark, Eidsvoll
  • 15. oktober: Oppland
  • 1. november: Aust-Agder, Buskerud (grunnskule), Finnmark, Nordland, Oslo, Rogaland, Sør-Trøndelag, Troms, Vestfold (musikk grunnskule), Trondheim
  • 15. november: Stavanger
  • 1. desember: Bergen, Bodø, Lørenskog
  • 15. desember: Vest-Agder


Litteraturbruket og Scenekunstbruket har produksjonsmidlar ein kan søke på. Fristen for Litteraturbruket er 1. mars. Fristen for Scenekunstbruket er 1. mars (tilretteleggjing/gjenopptaking) og 1. september (nye produksjonar og tilretteleggjing/gjenopptaking).

STØTTEORDNINGANE TIL KULTURRÅDET