Stillbilde fra animert video med Anna Fiske foran publikum.

Korleis er det å turnere i DKS?

Å reise rundt på skular i Noreg med Den kulturelle skulesekken er ei unik oppleving. Vi har spurt eit knippe kunst- og kulturutøvarar om erfaringane deira med DKS-turné.

Aktørane i Den kulturelle skulesekken (DKS) møter barn og unge i heile Noreg, frå dei yngste i barneskulen til dei eldste på vidaregåande. Ordninga er mangfaldig i form og innhald, så ein produksjon kan vere alt frå eit forfattarmøte for éin klasse i eit klasserom til ein konsert for heile skulen i ein konsertsal. Produksjonane kan vere opplevingsorienterte, men dei kan også vere deltakarorienterte, til dømes i form av workshops.

Felles for alle DKS-produksjonar er at aktiviteten skjer i skuletida, og at det er etterlate inntrykk hos kvar enkelt elev som er det viktigaste.

Les meir om DKS for utøvarar og send inn forslag her


Erfaringar frå DKS-turné

Korleis er det så å turnere i Den kulturelle skulesekken? Og kvifor vel 4000 kunstnarar og kulturutøvarar å gjere dette i løpet av eit skuleår? Vi har spurt nokre av dei som har vore på vegen med DKS om kva erfaringar dei har gjort seg.

I denne videoen fortel forfattar Anna Fiske, dansar Daniel Grindeland og musikar Kouame Sereba om opplevingane sine med Den kulturelle skulesekken:

– Ein intens, krevjande og veldig morosam reise

Dansarane Mayombe og Jomo Masai ønskjer å bryte ned barrieren mellom det profesjonelle dansaren og publikummet ved å attskape eit energisk brasiliansk karneval i gymsalen.

– For meg er filmframsyningane med DKS av dei mest verdifulle

Dokumentarfilmskapar Solveig Melkeraaen elskar å møte barn og unge der dei er, anten det er i bitte små bygder eller store byar.

– Framsyninga opna eit rom for samtale

Forteljar og scenekunstnar Mehda Zolfaqari tek opp tru og livssyn i framsyningane sine, og ser at mange elevar har behov for å snakke om eksistensielle spørsmål.

– Det er givande når vi treffer ein kreativ nerve i fellesskap

Musikar Gisle Haaland og fotograf Thomas Winje Øijord har treft ei elevgruppe som ofte ikkje blir sett i kvardagen, men som responderer med ei openheit dei sjeldan har opplevd.

– Det som skjer når ein gymsal blir forvandla, er rett og slett magisk!

DKS har fått Sandra Kolstad til å forstå fleire sider av eigen musikk – og gitt henne klump i halsen av rørande møte.

– Eg møtest av ei stille som kjem heilt frå magen

Dokumentarfilmregissør Sofia Haugan elskar å sjå forandringa i auga til tenåringar når dei møter noko dei ikkje forventar.

– Alle har reist litt rundt i landet, men ikkje på den måten du gjer når du er på DKS-turné

Breakdansar Daniel Grindeland har halde over tusen framsyningar i Den kulturelle skulesekken. Sjansen er stor for at han har besøkt akkurat din skule, og late seg begeistre av dei fine møta med elevane.

– At elevane er så medskapande har gitt makelause stunder

Teatersjef og skodespelar Mats Eldøen ønskjer at kvar framsyning skal vere eit eventyr – for utøvarane og for elevane.

– Elevane ville ikkje la meg gå

Filmskapar Emilie Blichfeldt har sjølv opplevd kor jævlig det er å kjenne på kroppspresset som ungdom. No spreier ho medvit i klasserom landet rundt.

– DKS er eit heilt fantastisk tiltak

Dokumentarfilmskapar Audun Amundsen har budd mange år i Indonesia, og drøymer om å lage eit slags DKS for ungdommane der.

– Det kjekkaste er alt det smellsøte ungane spør om

Barnebokforfattar og musikar Roald Kaldestad spurde ein førsteklasse kva ein forfattar er. – Ein som reiser rundt og gjer folk glade, sa ein av elevane.