Solveig Melkeraaen på Andenes i Vesterålen.

– For meg er filmframsyningane med DKS av dei mest verdifulle

Dokumentarfilmskapar Solveig Melkeraaen elskar å møte barn og unge der dei er, anten det er i bitte små bygder eller store byar.

– Ingenting gler meg meir enn å fortelje 200 elevar om film for så å sjå dei falle til ro i seta og bli med inn i filmen, gløyme tid og rom og berre vere i opplevinga den halvannan timen der inne i kinomørkeret, fortel ho.

Ei unik moglegheit

Melkeraaen blei uteksaminert frå dokumentarlinja ved Høgskolen i Lillehammer i 2004. Sidan har ho regissert femten dokumentarfilmar og vore på DKS-turné ei rekkje gonger.

– Aller første gongen var i 2006 med eit filmkurs som tok utgangspunkt i kortfilmen min «Nest siste stopp», der Kjersti Holmen spelte hovudrolla. Dette var i Nordland og eg hugsar vi mellom anna tok helikopter til Værøy og køyrde på smale vintervegar midt i mørketida.

Solveig Melkeraaen foran helikopter.
Solveig har måtta ta helikopter til enkelte av plassane ho har besøkt på DKS-turné. (Foto: privat)

– Etter dette gjekk det nokre år før eg så drog ut på turné med kinodokumentarane «Flink jente» (2014) i Akershus, og så har eg vore ute med «Tungeskjærerne» (2017, 2018 og 2019) i Oslo, Akershus og Nordland. Eg skulle eigentleg til Sogn og Fjordane med «Tungeskjærerne» våren 2020, men det blei dessverre avlyst grunna korona.

Fram til no har over 10 000 barn i ulike fylke sett «Tungeskjærerne», og Melkeraaen seier at det beste med å vere på turné er å møte barn og unge der dei er.

– DKS tilbyr eit heilt unikt høve til å lære og vere ein del av barn og unges verkelegheit i alle delar av landet, anten det er bitte små bygder eller det store byar. Når eg reiser rundt med DKS så kjem eg i direkte kontakt med mottakarane. Eg får bidra til og samtidig vere tilskodar til filmopplevinga til barn og unge, og eg får vere her og no for å høyre dei omgåande tankane deira. For meg er filmframsyningane mine med DKS av dei mest verdifulle.

Tok med foreldra

Melkeraaen køyrer ikkje bil sjølv, noko som er ei utfordring når ein skal leggje ut på turné. Likevel har ho drege nytte av situasjonen til å få selskap på vegen.

– Eg har vore så heldig at eg har fått lov til å ha med meg mamma eller pappa som sjåførar der det ikkje går å bruke kollektivt. Foreldra mine har i tillegg ei lita rolle i filmen som eg har vist dei siste åra (Tungeskjærerne), og dei har derfor også vore med på filmframsyningane. Eg liker å dele erfaringar med andre, og eg synest det er koseleg å ete middag med nokre andre enn meg sjølv. Så, JA til å ta med foreldre på turné!

Filmkunst som felles oppleving

Dokumentarfilmskaparen er oppteken av at barn og unge skal få oppleve film på sitt beste. Det vil seie film i ein kinosal med stort lerret, der bilete og lydar kjem til sin rett med alle nyansane produksjonsapparatet har jobba hardt for å levandegjere.

– Spørsmåla og tilbakemeldingane frå barna etter visninga gjer meg overtydd om at barn og unge både treng og blir berika av denne forma for felles oppleving. No som strøymetenestene tek over, og levande bilete og lydar kjem ut gjennom ein liten skjerm langt unna filmkunsten, så har vi vaksne eit ansvar. Samtidig er det mange vaksne som ikkje har høve til å gi barna dette tilbodet fordi kino er dyrt.

Ho trekkjer fram eit Facebook-innlegg ho posta i 2018 etter å ha vore på turné med «Tungeskjærerne»:

Jeg står framfor ei lita gruppe elevar på ein liten skule i nord. Ein gut med kapsen godt tredd ned i ansiktet ser mistruisk på meg. Han klarer ikkje å sitje roleg på stolen dei knappe 15 minutta eg snakkar. Korleis skal det gå dei vel 80 minutta som er lengda på sjølve filmen? Til den store overraskinga mi sit han roleg og konsentrert på stolen under heile visninga. Når eg hastar ned til bilen på veg til ein ny skule, høyrer eg ei stemme; «Du? Det var ein veldig bra film. Den beste filmen eg har sett.» Det er guten med kapsen.

Sitat: DKS tilbyr en helt unik mulighet til å lære og være en del av barn og unges virkelighet i alle deler av landet. - Solveig Melkeraaen

Fakta:
Solveig Melkeraaen har regissert femten dokumentarfilmar og turnert med DKS sidan 2006. «Flink jente» var den mest sette dokumentaren i 2015 og blei nominert til Folkets Amanda same år. Hennar siste film «Tungeskjærerne» er ein kinodokumentar for barn. Filmen hadde premiere på norske kinoar i mars 2017 og fekk to Amanda-nominasjonar same år for beste barnefilm og beste dokumentarfilm.

Les meir om Solveig Melkeraaen og filmane hennar her

Les kva andre utøvarar seier om å vera på DKS-turné

Plakat for filmen "Tungeskjærerne".
Plakat for filmen «Tungeskjærerne».


Toppbilete: Solveig Melkeraaen på Andenes i Vesterålen. (Foto: privat)