Daniel Grindeland og et annet medlem av Absence Crew breaker.

– Alle har reist litt rundt i landet, men ikkje på den måten du gjer når du er på DKS-turné

Breakdansar Daniel Grindeland har halde over tusen framsyningar i Den kulturelle skulesekken. Sjansen er stor for at han har besøkt akkurat din skule. Og late seg begeistre av dei fine møta med elevane.

– Eg diggar DKS! Det er supergøy og givande å vere på turné i Den kulturelle skulesekken. DKS er dessutan ein flott oppdragsgivar. Alt er tilrettelagt på best mogleg måte for at du som utøvar skal ha det greitt på turné, seier Grindeland, som er medlem av Absence Crew.

Nære møte

Absence Crew har veldig fokus på det som skjer etter framsyninga. Det er aldri snakk om å danse og dra. Dei bruker alltid god tid etterpå for å møte publikum.

– Det er alltid nokre elevar som ønskjer å vise oss nokon break-moves eller vil slå av ein prat. Møta med elevane er ein veldig viktig del av det å turnere i DKS.

Daniel Grindeland på Preikestolen.
Daniel på Preikestolen (Foto: Glenn Clementsen Pettersen)

Grindeland har spelt på mange av dei store scenane i Noreg, som Den Nationale Scene i Bergen og Dansens Hus i Oslo. Han fortel at det å bukke og gå bak scena etter framsyninga, som ein gjer der, ikkje gir same oppleving som å opptre på mindre scener. Avstanden til publikum blir for stor.

– Det er det som er så utruleg fint med DKS: Du er der publikum er – du møter lærarane og elevane, og resepsjonisten på hotellet du bur på, som fortel at son hennar såg framsyninga i går. Det blir så personleg.

Flotte velkomstar landet rundt

Har du vore i Svelgen? Kva med Hamarøy eller Balestrand? Grindeland poengterer at det som også er så fint, er at du verkeleg får sett Noreg.

– Alle har reist litt rundt i landet, men ikkje på den måten du gjer når du er på DKS-turné. Etter å ha spelt over 1000 framsyningar i DKS saman med Absence Crew, kjenner eg at eg har vore på kvar einaste vesle stad. Det er fint å sjå kor ulike landsdelane er. Og kor ulike nordmenn kan vere. Inntrykket mitt er at folk i distrikta generelt set meir pris på kulturtilbod.

– Vi har faktisk opplevd at folk ønskjer oss velkommen med heimebakt marsipankake, pynta med eit etande bilete av oss. Og på Leka, ei lita øy i Trøndelag, hadde klassen fargelagt og klipt ut pappfigurar av heile crewet, som vi fekk som gåve. Det er noko av det kulaste eg har opplevd!

Pappfigurer av medlemmene i Absence Crew.
Pappfigurane som ein klasse på Leka laga til medlemmene av Absence Crew.
Sitat: Alle har reist litt rundt i Norge, men ikke på den måten du gjør på en DKS-turné. - Daniel Grindeland

Fakta:
Daniel Grindeland er medlem av Absence Crew, som har turnert med fire ulike framsyningar, workshops og eit foredrag om Daniels oppvekst, i DKS. Han er ein av landets beste breakdansere, har delteke i Norske Talenter og har opptredd på mellom anna Den Nasjonale Scene og Dansens hus i Stockholm. Han er den einaste breakeren som har fått ein Kongepokal frå Idrettsforbundet.

Les meir om Daniel og Absence Crew på danielgrindeland.com og absence.no.

Les kva andre utøvarar seier om å vera på DKS-turné



Toppbilde: Daniel Grindeland og ein annan medlem av Absence Crew. (Foto: Absence Crew)