Emilie Blichfeldt - portrett

– Elevane ville ikkje la meg gå

Filmskapar Emilie Blichfeldt har sjølv opplevd kor jævlig det er å kjenne på kroppspresset som ungdom. No spreier ho medvit i klasserom landet rundt.

–Eg veit at dette gjeld så mange fleire enn meg. Litt på same måte som ein tidlegare rusmisbrukar ønskjer eg å vise at det finst ein veg ut, seier Blichfeldt om kroppspresset ho har levd med.

Med kortfilmen «How do you like my hair?» har ho sidan 2019 heldt nærmare 50 visningar for ungdoms- og vidaregåande trinn i ei rekkje fylke. Skjønt, ordet «visningar» er ikkje heilt dekkjande, for filmskaparen bringar òg inn scenekunst i DKS-møta.

Flyer for kortfilmen "How do you like my hair?"
Flyer for «How do you like my hair?»

– Det handlar først og fremst om møtet med elevane og samspelet som oppstår i responsen deira. Men det dreier seg òg om formidlinga. Eg jobbar elles med film, men bruker her eit heilt spekter av ulike verkemiddel – framsyninga er sett saman av litt teater, litt stand up, mykje foredrag og mykje film. Og som nemnd interaksjon med elevane. Dei blir utsette i starten for «Den Store Nesetesten» og spørsmål som oppstår ut frå denne erfaringa driv framsyninga vidare. Det er det sosiale i desse møta og den omgåande tilbakemeldinga som verkeleg er ulikt frå det å lage film.

Det handlar om medvit

Blichfeldt ønskjer å hjelpe elevane til å sjå – og ta stilling til – den massive påverknaden vi alle er utsette for i dagens kroppsfikserte samfunn.

– Kroppspresset oppstår når du gjer oppfatninga, om at det berre finst ein rett måte å sjå ut på, til din eigen. Forstår du at det er løgn og propaganda, forsvinn presset, seier ho.

Og elevane responderer på bodskapen. Jenter har komme bort til henne og fortalt at dei blei inspirerte til å ta fatt i gjengen sin og skape eit betre klima utan så mykje fokus på kropp og utsjånad. Og på Gjøvik blei elevane så engasjert at ho ikkje fekk avslutta framsyninga.

– Klasserommet kokte sånn at temperaturen ikkje ville leggje seg. Elevane ville ikkje la meg gå. Dei ville diskutere vidare. Til slutt måtte vi vike grunnen for ein annan klasse som hadde venta 20 minutt på å komme inn.

God oppdragsgivar

Blichfeldt rosar òg Den kulturelle skulesekken for å vere ei god ordning å jobbe med.

– DKS opplevast som ein oppdragsgivar ein kan stole på. Det er veldig ryddige arbeidsforhold med gode kontraktar og god kommunikasjon med dei ulike fylka/kommunane som arbeidsgivar. Eg har òg vore så heldig å få utvikle dette opplegget i samarbeid med Nordland fylkeskommune og tidlegare Buskerud fylkeskommune, og fått støtte til utviklinga.

–Når eg kjem ut på skulane kjenner eg at blir teken god vare på og at folk er oppriktig interessert i opplegget mitt. Finare måte å oppleve landet på, finnast knapt nok.

Sitat: Klasserommet kokte sånn at temperaturen ikke ville legge seg. Elevene ville ikke la meg gå. De ville diskutere videre. - Emilie Blichfeldt

Les mer om Emilie Blichfeldt, filmen og DKS-forestillingen på påvirka.no.

Les kva andre utøvarar seier om å vera på DKS-turné


Toppbilete: Emilie Blichfeldt (Foto: Erika Hebbert)