Audun Amundsen og skoleklasse.

– DKS er eit heilt fantastisk tiltak

Dokumentarfilmskapar Audun Amundsen har budd mange år i Indonesia, og drøymer om å lage eit slags DKS for ungdommane der.

– Den åpenheten og forståelsen for viktigheten av kunst som elevene får, er utrolig viktig. Jeg er veldig glad hver gang jeg får gjøre noe med DKS, det er et privilegium for både meg og elevene, sier Amundsen.

Bringer Indonesia til norske klasserom

Med filmen «Newtopia» har han vore på fleire hundre skular og snakka med tusenvis av elevar om å leve i jungelen og følgje ein sjaman i 15 år, i ei verd som gradvis forsvinn. Og snart skal han på turné med filmen «Nasi Padang – eit viralt eventyr», om ein nordmann som blir eit internettfenomen og nasjonal kjendis i Indonesia etter å ha laga ein song om ein matrett.

– Eg byrja med DKS i 2017, og eg må berre seie at det er eit heilt fantastisk tiltak, det er heilt utruleg bra at vi har det i Noreg. Norske elevar får eit slags forsprang i interkulturell forståing, når dei skal ut å reise har dei eit større grunnlag for å forstå samanhengar endå betre.

– Eg har jobba og budd i Indonesia over lengre periodar, og begge filmane er derfrå. Kjensla eg får er at eg filmar masse frå samfunnet der og tek med meg hit, så informasjonsutvekslinga er einvegs. Så eg har ein tanke om å få til noko andre vegen òg, å lage eit slags DKS for ungdom i Indonesia, fortel han.

Filmplakater for Newtopia og Nasi Padang.
Amundsen dokumentarfilmar «Newtopia» og «Nasi Padang – a viral adventure» skal begge på DKS-turné det kommande skuleåret. Førstnemnde blir viste for VGS-elevar, sistnemnde for 7. trinn.

Eit ærleg og krevjande publikum

Amundsen fortel at det er publikummet, elevane, som motiverer han til å dra på DKS-turné igjen og igjen.

– Eg gler meg til å reise på turné kvar gong. Ein kan kanskje tru at det blir litt repetitivt, men ein møter ulike folk, så det blir annleis uansett. Ofte tilpassar eg opplegget etter kva elevane interesserer seg for. Nokre gonger er elevane meir interessert i filmskaping som fag og kunstform, og andre gonger er dei meir interessert i tematikken i filmane. Det er morosamt at ein merkar skilnaden på elevane ut frå kva trinn dei er på, det kan vere ganske markant.

Ståande applaus

Filmskaparen har opplevd at VGS-elevar har vore høglydte og frekke når han skal introdusere filmen sin, men at stemninga raskt endrar seg når han fortel om tematikken og korleis han levde i jungelen i mange år. Etter visninga har det til og med hatt elevar som har komme bort og unnskylda seg for at dei var så «cocky» til å byrje med.

–Eg har fått fantastisk respons på «Newtopia». Elevar som vil ta bilete med meg, autografskriving, klemming. Eg kjem veldig nært elevane, det er fint å få den personlege kontakten. Og eg har fått ståande applaus nesten kvar gong! Det har vore ei heilt super oppleving for meg.

Sitat: Elevene er et veldig ærlig og krevende publikum, så DKS gir meg mye verdi i form av research. - Audun Amundsen

Les meir om Audun og filmane hans på gonzodocs.com og newtopiafilm.com.

Les kva andre utøvarar seier om å vera på DKS-turné


Toppbilete: Audun Amundsen på DKS-turné. (Foto: privat)